• Ekstremsportutøvarar som set eigne og andres liv i fare, må straffast langt strengare enn i dag.

Redaktøren av bladet Ultrasport, Henning Herding, meiner reaksjonane mot risikosportutøvarane er for milde.

— Dette er folk som ønskjer å strekkje strikken. Men når dei har leika med døden og det har gått gale, skal det ikkje vere så enkelt at dei berre kan rope på at samfunnet skal redde dei. Gje dei bøter som svir! er rådet frå utgjevaren av magasinet som nettopp vender seg til ekstremsportutøvarane.

To ulukker

I eit av ekstremskisportens Mekka her i landet, Strynefjellet, har det skjedd to ulukker etter at sommarskisenteret opna for 14 dagar sidan. Begge ulukkene skjedde i svært bratte område utanfor merka løyper.

Tysdag ettermiddag miste ein svensk skiløpar festet i ei bratt fjellside. Svensken rasa kring 20 meter nedover og inn i ein fjellvegg før han blei slengt ut att. Mannen slapp svært heldig frå uhellet. Han har fått slagskader og er mørbanka, men tilstanden er ikkje verre enn at han snart blir skriven ut. Bergens Tidende var i går i kontakt med skiløparen på Førde sentralsjukehus. Han ønskte ikkje å seie noko om det som skjedde, bortsett frå at det stod bra til.

Alt dagen etter at sommarskisenteret opna 30. mai, køyrde ei 27 år gammal Oslo-kvinne ned i ein foss. Sterkt nedkjølt døydde ho same kvelden på Haukeland sykehus. Ein kanadisk mann som var med Oslo-kvinna køyrde ned i same fossen, men overlevde ulukka.

Lokkar andre

Ekstremskisport er in som aldri før. Fartsfylte filmar med ski- og snøbrettløparar som susar ned stupbratte kvite fjellsider, lokkar stadig fleire til å prøve det same.

— Desse filmane burde vore utstyrte med åtvaringar, seier Herding.

Ultrasport-redaktøren meiner at mange av ulukkene med ekstrem skisport skuldast at skiløparane ikkje har nok kunnskap om naturen.

— Vi ser ofte at dei er gode skiløparar, men at dei manglar kunnskap om området dei køyrer i. Difor hender ulukker som sjølvsagt er tragiske, men der det til sjuande og sist endar med at utøvaren sjølv må ta ansvaret.

Ikkje vurdert

Lensmann Geir Vidhammer i Stryn seier til Bergens Tidende at dei så langt ikkje har vurdert å skrive ut bøter eller la ekstremsportutøvarar betale for redningsaksjonar.

— Dette blir eit spørsmål om kor grov aktløysa har vore i kvart enkelt tilfelle. I praksis er det ei vanskeleg avveging. Så langt har det ikkje vore tema hos oss, seier Vidhammer.

Til Bergens Tidende seier strynelensmannen at det kvart einaste år er ei rekkje mindre uhell ved sommarskisenteret.

— Vårt inntrykk er at leiinga ved senteret handterer desse på ein veldig grei måte. Heldigvis er det sjeldan det blir sett i gang store bergingsaksjonar, seier Vidhammer.

TO ULUKKER PÅ TO VEKER: Det populære sommarskisenteret på Strynefjellet trekkjer til seg ekstremutøvarar av skisporten. Eit dødsfall og to skadde er fasiten så langt.
FOTO: ODDLEIV APNESETH