Sterk klimautstilling

Hetebølgje fører til massedød i Europa. I Skagerrak kantrar ein båt med tusenvis av klimaflyktningar.

Les også:

På den nye klimautstillinga ved Norsk Bremuseum i Fjærland har fjernsynskanalen Climate Channel ekstrasending i år 2040. Alle oppslaga har å gjere med naturkatastrofar som følgje av global oppvarming. Nordpolen er permanent isfri. Havnivået har stige og et seg innover landområde over heile verda. Kombinasjonen varme og enorme nedbørsmengder fører til ei folkevandring ingen har sett maken til.

Dei skandinaviske landa blir ikkje sparte. 16. mai 2100 fortel Sogn Avis over heile førstesida om 600 innbyggjarar i Fjærland som er overlatne til seg sjølv, etter at enorme jordskred har tordna nedetter fjellsidene. 12. oktober same året er følgjande tekst lagt på eit bilete av opprørt hav på heile førstesida i Bergens Tidende: – Tar jeg feil? Var det ikke her Bryggen lå?

Mondale kritisk mot Bush
Den nye klimautstillinga som blei opna ved Norsk Bremuseum i Fjærland i går, tek i bruk sterke verkemiddel for å få folk til å skjøne krisa kloden står overfor. For å symbolisere alvoret blei eks-visepresident i USA, Walter Mondale, iført gummistøvlar og bedt om å gå opp i eit basseng med isvatn før han opna nybygget. Symbolikken var å vise kor høgt vatnet kan kome til å stå i området ved bremuseet, dersom havnivået stig så mykje som forskarane fryktar.

– Klimaendringane er den største utfordringa på kloden. Denne utstillinga viser kva som skjer om vi ikkje gjer noko, sa Mondale i talen.

I ein samtale med Bergens Tidende før opninga stilte demokraten som ættar frå Fjærland seg sterk kritisk til republikanske administrasjonen i Washington.

– I det amerikanske folket er det i ferd med å vekse fram ei sterk forståing for at det er nødvendig med endringar. Men Bushadministrasjonen ser ikkje dette. Dei sa nei til Kyoto. På heimebane har dei avvist alle lovframlegg som har teke sikte på å betre miljøet. Mange av dei seier framleis rett ut at dei ikkje trur på forskarane som seier vi vil få ei global oppvarming.

Samarbeid med Bjerknes
Bremuseet i Fjærland skal i åra framover samarbeid tett med Bjerknessenteret i Bergen. Forskaren i Bergen skal bruke Fjærland for å vise fram det siste nye innanfor klimaforsking.

– Bremuseet skal drive med formidling. Vi kan aldri få nokon forskingsavdeling. Derfor har vi inngått eit samarbeid med Bjerknessenteret som har det fremste kompetansemiljøet i landet på klimaforsking, seier Olav Orheim, styreleiar for Norsk Bremuseum.

– Korleis vil dette arte seg konkret?

– Neste år skal vi byggje om ein stor del av den gamle utstillinga. Då vil det bli ein eigen avdeling der Bjerknessenteret kvart år presenterer det siste nye i forskinga. Vidare skal dei utarbeide interaktive klimaforsøk som kan gjerast av dei besøkjande som kjem til Norsk Bremuseum.

Og sjølv om det langt på veg blir formidla dommedagsprofetiar på klimautstillinga i Fjærland, er enden god. Den fortel om korleis verda kan bli, dersom det blir sett i verk tiltak. Då har bioenergi, solenergi og andre fornybare kjelder løyst energikrisa for oss. Det er slutt på bruken av fossile brennstoff, helium har redda flytrafikken og Sverige er det første landet i verda der opptaket av CO2 er dobbelt så stort som utsleppet. Og heilt til slutt forkynner FN at kampen for klimaet er vunnen.

OPNA I SLAGSTØVLAR: Før Walter Mondale opna nybygget, måtte han stige ut i eit basseng med isvatn. Det skulle illustrere kor høgt Sognefjorden kan kome til å stå, dersom den globale oppvarminga held fram.





Les også

Siste fra Klima

35 millioner fikk høre om
luftproblemene i Bergen

- Det skapes et inntrykk av at Bergen er en giftpøl. Det er bare tøv.

- Helse må gå foran
retten til å kjøre bil

Opposisjonen mener tiltakene er «for puslete».

Blåst over bukten.

Sjøbod på Selje flyttet over 30 meter.

De største forretningstabbene i 2011

Flere virksomheter måtte unnskylde seg i året som gikk.

Blir ikke klimaforbilde

Sollien barnehage er skrotet som klimabarnehage fordi det ble for dyrt å bygge etter passivhus-standard. Ny barnehage må bygges enda billigere siden millioner er brukt på planlegging.

- I overkant av hva vi
trodde vi kunne få til

<b>Durban (bt.no): </b>Kyoto-avtalen blir forlenget og en ny internasjonal klimaavtale skal forhandles frem innen 2015.

Relaterte bilder

OPNA I SLAGSTØVLAR: Før Walter Mondale opna nybygget, måtte han stige ut i eit basseng med isvatn. Det skull illustrere kor høgt SOgnefjorden kan kome til å stå, dersom den globale oppvarminga held fram. FOTO: Oddleiv Apneseth

Lederstillinger

Stillinger