• MINDRE AV DETTE: Hundrevis av millionar må ta nye val for å få ned CO2-utsleppa skriv Det internasjonale energibyrået i sin siste rapport. Det betyr mellom anna å bruke mindre energikrevjande transport. Arkivfoto: Vegar Valde

El-prissjokk skal stogge klimakrisa

Kraftprisen må bli mykje høgare. Og forbrukarane må dekkje nesten halve rekninga for stogge klimakrisa, meiner Det internasjonale energibyrået.

For å halde veksten i CO2-utsleppa i sjakk reknar Det internasjonale energibyrået (IEA) med at verda må investere 60.000 milliardar kroner fram til 2030.

Pengane skal gi nye miljøvennlege kraftverk, mindre energikrevjande hus og maskiner, biodrivstoffanlegg og transportmiddel som ikkje forureinar like mykje som i dag.

Mykje av desse investeringa må gjerast i det som blir rekna som fattige land, og pengane må kome frå rike land, skriv IEA i rapporten «World Energy Outlook 2009», som blei utgjeven i går

Dyrare straum
Internasjonal handel med CO2-kvotar, som gir rett til å sleppe ut CO2, er ein sentral del i korleis IEA ser for seg at miljøvennlege investeringar i fattige land kan finansierast.

I dag er kostar ein CO2-kvote cirka 10 dollar pr. tonn i EU. IEA meiner gjennomsnittsprisen bør opp til 30 dollar pr. tonn. Innanfor OECD-landa, som mellom anna omfattar EU, Noreg og USA, bør prisen opp i 50 dollar pr. tonn i 2020 og 110 dollar pr. tonn i 2030.

Kraftkablar mellom Noreg og resten av Europa gjer at vi har ein felles kraftmarknad, med prisar som svingar i takt.

Konsekvensen av at utsleppskvotane blir dyrare vil difor bli ein «monaleg auke» i kraftprisen, seier CO2-marknadsanalytikar Anette Gussiås hos energimeklarselskapet Bergen Energi.

Ho reknar med at prisen på utsleppskvotar vil bli ein viktig drivar for utviklinga i kraftprisen i framtida.

Hushaldningane må betale
Slik energiforbruket er samansett i dag blir det forbrukarane som må syte for rundt 40 prosent av investeringane som må til for å halde veksten i CO2-utsleppa i sjakk.

For å nå målet, skriv IEA i rapporten «må hundrevis av millionar hushaldningar verda over ta avgjerder som reduserer CO2-utsleppa. Mange av desse bur i land der økonomisk vekst er rekna som viktigast».

CO2-reduserande tiltak vil ofte gi ein økonomisk gevinst, men IEA er overtydd om at styresmaktene må trå til med reguleringar, informasjonskampanjar og økonomisk lokkemiddel for å få folk til å kutte med på CO2-utsleppa.

Billegare bil
Eit lokkemiddel norske styresmakter har tatt i bruk er lågare bilavgifter.

Hos Jæger Automobil i Bergen har den siste varianten av hybridbilen Toyota Prius blitt den mest populære sidan den kom på marknaden i sommar.

Bilen har lågare avgifter av ein tilsvarande bil med berre forbrenningsmotor. Kombinasjonen av elektrisk- og forbrenningsmotor reduserer drivstofforbruket i høve til bilar med berre forbrenningsmotor.

- Den har gått frå å vere ein nisjebil til å vere ein av dei vi sel desidert mest av, seier salssjef Atle Jenssen.

Merksemda rundt CO2-utslepp og klimaendring påverkar kundane, trur han.

Vil du ta klimarekninga? Diskuter i kommentarfeltet:

Les også

Siste fra Klima

Mindre utslipp

Klimagassutslippene i Norge sank i fjor.

Inn i granskogen mye trær

Senterpartiets klimakur krever plass til over en milliard grantrær. Miljøorganisasjon frykter vi ikke kommer til å se kysten for bare trær.

Slik skal de kutte
klimagassutslippene

Solid avgiftsøkning er et av flere tiltak i Regjeringens klimamelding.

Hvor går klimakronene?

De den første komplette presentasjonen av hvor de norske klimakronene tar veien.

Klimamelding uten
ferdig kuttoppskrift

Målet om at to tredjedeler av utslippskuttene skal tas her i landet, ligger fast i den kommende klimameldingen. Men dokumentet vil mangle konkrete tiltak for å nå det.

Nå må BKK svare for seg

Byrådet ber BKK redegjøre for kontroversielt kraftprosjekt

  • Årleg rapport frå Det internasjonale energibyrået (IEA).
  • Åtvarar i år om ein snarleg energimangel på kort sikt på grunn av store investeringskutt hos oljeselskapa. Det kan sende verda inn i ei ny økonomisk krise.
  • Mange av dei tekniske løysingane for å få redusere CO2-utsleppa er på plass. Det kan hindre ei farleg oppvarming av kloden, men krev store investeringar.
  • Utdrag av rapporten er tilgjengeleg på IEA si nettside, www.iea.org.

Relaterte bilder

MÅ INVESTERA I FATTIGE LAND: Verda må investere 60.000 milliardar kroner fram til 2030 for å halde veksten i CO2-utsleppa i sjakk har Det internasjonale energibyrået (IEA) rekna ut. Her er IEAs adm. dir. Nobuo Tanaka frå klimakonferansen i Bergen i mai. Arkivfoto: Silje Katrine Robinson

Lederstillinger

Stillinger