-
FOTO: John Lindebotten
Breen er dømt, men rører på seg
Breen er seigliva og rører på seg. Men kor lenge?
AV: john lindebotten
Les også:
Professor i geologi, Atle Nesje, står ved kanten av Midtdalsbreen som ein overlege står ved senga til ein alvorleg sjuk pasient.
Begge to har ofte studentar på slep. Men medan medisinstudentane skal læra korleis sjukdom kan overvinnast, er det lite dei komande geologane kan gjera for å berga Midtdalsbreen.
Les også: Spor frå istida Spor frå istida
Atle Nesje har sjølv spådd at Hardangerjøkulen, som Midtdalsbreen er ein del av, vil vera nesten heilt borte når dette hundreåret nærmar seg slutten.
I mellomtida held Atle Nesje fram med å dra studentgrupper til fjells. Det har han halde på med kvart år sidan 1982. Det året nådde Midtdalsbreen 74 meter lengre fram enn i dag. Og endå 30 meter til la han på seg, i 2001 og 2002, før nokre brennheite somrar smelta vekk over 100 meter av bretunga.
Leitar etter spor
Førre veka var Atle Nesje på Finse att. Denne gongen med 30 studentar som førebur seg på bachelor- eller mastergraden i geologi. Dei held til i forskingsstasjonen som vert eigd og driven i samarbeid mellom universiteta i Bergen og Oslo. Studieobjekt var Midtdalsbreen og Blåisen. Dei to brearmane ligg midt i synet for alle som står på Finse stasjon og ser tvers over Finsevatnet.
Geologistudentane skal læra å forstå kva som skjer, tolka spor som breen legg att etter seg, lesa ut frå det dei ser kor langt fram breen har vore.
Gjennom studiet skal dei også læra å finna spor som kan fortelja dei om klimaet i farne tider, som den siste istida, for ca. 20 000 år sidan, då innlandsisen var på sitt største. Denne nedfrysiingsperioden varde til ca. år 8000 før Kristi fødsel.
Jøkulen var borte
Men medisin mot bortsmelting av breane har dei ikkje med seg. Kanskje finn FNs klimakonferanse i København til jul ein resept som bremsar tilbakegangen. Det er lov å håpa og Atle Nesje har ei trøyst. Han viser fram kurvar over utviklinga av Hardangerjøkulen frå 10 000 år attende og fram til i dag. Spor i ulike avsetningar framfor breen har gjort det mogleg å finna ut korleis klimaet har variert i denne perioden.
– Dette fortel oss at Hardangerjøkulen har vore heilt borte og vakse fram att minst fire gonger etter den siste istida, seier han.
40 istider
Korleis dei finn ut dette?
Data samla inn frå måleinstrument går ikkje lengre attende enn til midten av 1800-talet. Dei som forskar på fortidsklima, også kalla paleoklima, må leita i det arkivet som naturen sjølv har oppretta. Sediment og avsetningar på havbotnen og i innsjøar, avsetningar frå brear gjev mykje slik informasjon.
Kvartærgeologi er Atle Nesje sin spesialitet. Kvartær er namnet på den siste geologiske perioden, frå 2–3 millionar år attende og fram til i dag. Undersøkingar i naturen sitt arkiv har synt at det i denne perioden har vore 40 istider. Omslaget som kom etter den siste store istida, for 7–8000 år sidan, gjorde at det vaks furuskog på delar av Hardangervidda. Og på den tida var nesten alt av brear i Noreg smelta bort.
Jorda nærare sola
Årsaka til dette omslaget var høgare temperaturar om sommaren, som m.a. skuldast at jorda då var nærare sola, går det fram av eit notat frå Nesje til Norsk Geologisk Forening sin Vinterkonferanse 2009.
Det som er nytt med dagens oppvarming av klimaet, seier FNs klimapanel, er at den ikkje let seg forklara berre ved naturlege variasjonar.
– Det er først når vi legg til verknadene av klimagassane at klimamodellane stemmer med faktiske observasjonar. Klimaendringane i framtida vil vera eit resultat av naturlege variasjonar kombinert med påverknad frå fossilt brennstoff og vår bruk av jorda, hevdar FNs klimapanel.
Les også
Siste fra Klima
Det er i alt 1627 brear i Noreg, fordelt på 714 i Sør-Noreg og 913 i Nord-Noreg.
Breane har eit samla areal på 2609 km², fordelt på 1592 km² i Sør-Noreg og 1017 km² i Nord-Noreg.
Det totale brevolumet i Noreg er rekna til 164 kubikkilometer fordelt på 100 kubikkilometer i Sør-Noreg og 64 kubikkilometer i Nord-Noreg. Dei 34 største breane (over 8 km²) dekkjer et areal på 1800 km² og utgjer eit brevolum på omtrent 114 kubikkilometer.
Dei største breane i Noreg er:
Jostedalsbreen, 487 km². Frå 2000 meter til 350 meter over havet.
Vestre Svartisen, 221 km². Frå 1580 til 20 m.o.h.
Søndre Folgefonna, 168 km². Frå 1660 til 490 m.o.h.
Østre Svartisen, 148 km². Frå 1550 til 208 m.0.h.
Blåmannsisen, 87 km². Frå 1560 til 810 m.o.h.
Hardangerjøkulen, 73 km². Frå 1863 til 920 m.0.h.
KJELDE: NVE
Relaterte bilder