• Figuren viser korleis temperaturen frå 1. juni til 5. august i år avviker frå normaltemperaturen (i åra 1981-2010). Jo varmare/raudare farge, jo høgare temperatur enn normalt. Blå farge viser temperatur under normalen. Norge ligg i det lyseblå feltet litt under midten. FOTO: NOAA Earth System Research Laboratory .

- Sommaren er unormalt varm

Dei fleste stader på den nordlege halvkula var årets juni- og julitemperaturar langt høgare enn normalt. Den blå flekken på kartet viser området som utgjer unntaket der det var kaldare enn normalt. Du veit nok kvar.

- Storbritannia og Skandinavia ligg i eit område som har hatt låge temperaturar. Men elles har den nordlege halvkula har vore veldig varm i sommar. Juli-temperaturen var ein av dei to-tre varmaste temperaturane som er målt på 150 år. Også juni var varm på den nordlege halvkula, seier klimaforskar og professor Helge Drange ved Bjerknessenteret i Bergen til Stavanger Aftenblad

 

Klimaforsker Helge Drange

Klimaforsker Helge Drange

FOTO: SCANPIX

 


Ny trend?

Er årets kalde norske sommar så det me kan innstilla oss på framover?

Nei, Drange trur ikkje dei låge sommartemperaturane me i år har opplevd i Norge blir ein ny trend.

- Eg trur det er tilfeldig at Vest-Europa har hatt det så kaldt i år. Me har hatt eit innslag av nordleg vind, som har gitt oss temperaturar under det normale. Neste sommar kan bli heilt forskjellig. Denne sommaren seier lite og ingenting om den neste, meiner Drange. Men han tar eit lite atterhald:

- Det me likevel veit noko om, er den langsiktige trenden. Den globale temperaturen og temperaturen på den nordlege halvkula sett under eitt, er på veg oppover. Likevel vil temperaturane variera frå år til år, og nokre somrar vil vera kjølige. I år har me i Norge vore litt uheldig plassert, men dette kan fort forandra seg, meiner Drange.

Varmerekord

Du skal ikkje så veldig langt frå Norge før bildet endrar seg. Grønland har dette året opplevd ein eksepsjonelt varm sommar. For første gong sidan satelittovervakinga starta er det registrert issmelting over heile isoverflata på Grønland: Heilt opp til det høgaste punktet på rundt 3200 meter over havet.

 

Les også

Siste fra Klima

- Noen klimaendringer
er menneskeskapte

Frp-leder Siv Jensen sier at partiet anerkjenner at det fins menneskeskapt påvirkning på klimaet. Hun hevder at dette har vært partiets standpunkt lenge.

Kuttar to av tre kvoteprosjekt

Regjeringa legg om politikken for kjøp av klimakvotar. Staten vil ikkje lenger ha kvotar frå gamle vass- og vindkraftanlegg.

- Polhavet er en arktisk ørken

Drømmen om at Polhavet skal bli verdens nye store spiskammer, blir effektivt avsannet av ny forskning.

o Vinden rev løs taket på to hus

Kraftig vind skaper problemer i Rosendal.

Det kan bli hvit julaften

I disse skyene ligger muligheten for hvit jul, i tillegg til ytterligere vind og storm i fjellet.

Relaterte bilder

OSELVAR I KVELDSOL: Det har vært noen sånne kvelder også. FOTO: ROAR CHRISTIANSEN