- Flya vil ryke først

Klimaforskar Erik Kolstad trur vi om 20 år må søkje om løyve for å få lov til å flyge. - Det er ikkje urealistisk.

Les også:

Nordmenn tek fly som aldri før, og bransjen ventar kraftig vekst i tiåra framover. Men det vil klimaproblemet sette ein stoppar for, trur forskarane.

Ruta mellom Bergen og Oslo er av dei ti største i Europa, målt i talet på passasjerar. Og alt tyder på at veksten vil halde fram.

Avinor ventar at flytrafikken i Noreg vil auke frå 33 millionar passasjerar i 2005 til 85 millionar i 2040.

Men skiftet i synet på klimapolitikken internasjonalt kan sette ein stoppar for veksten. Det trur i alle høve klimaforskarane.

- Det er ikkje urealistisk at ein om 20 år må dokumentere eit behov for å få lov til å flyge, trur forskar Erik Kolstad på Bjerknessenteret ved Universitetet i Bergen.

- Det er veldig vanskeleg å sjå for seg at vi kan halde fram som no. Eg trur flytrafikken er noko av det som vil ryke først, seier han.

For ingen reisemåte forureinar meir enn flyreisene. Ifølgje Fremtiden i våre hender slepp eit passasjerfly ut 77,8 kilo CO2 på turen mellom Oslo og Bergen, mot 3,4 kilo med toget.

Sjølv SAS Braathens eigen miljøkalkulator viser at flya slepp ut 52,2 kilo CO2 per passasjer på denne ruta.

Men det er ikkje berre mengda som er problemet:

- Avgassar høgt i atmosfæren er meir drivhusdrivande. Fly forureinar 2-3 gongar meir enn ein bil i høve til mengda CO2 dei slepp ut, seier professor Helge Drange ved Bjerknessenteret.

Som BT har vist i fleire artiklar dei siste vekene er alle parti, unntatt Frp, no positive til lyntog i Noreg. Men Drange meiner noko må gjerast med avgiftspolitikken allereie no.

- I bensinprisen for bilar er halvparten, rundt fem kroner, statlege avgifter. For flybensin er avgiftene 54 øre per liter. Så flybensin er uforholdsmessig billig. Det er heilt uhørt at vi kan reise kvar som hels for 400 kroner. Miljømessig er det kriminelt, seier Drange.

Les også

Siste fra Klima

35 millioner fikk høre om
luftproblemene i Bergen

- Det skapes et inntrykk av at Bergen er en giftpøl. Det er bare tøv.

- Helse må gå foran
retten til å kjøre bil

Opposisjonen mener tiltakene er «for puslete».

Blåst over bukten.

Sjøbod på Selje flyttet over 30 meter.

De største forretningstabbene i 2011

Flere virksomheter måtte unnskylde seg i året som gikk.

Blir ikke klimaforbilde

Sollien barnehage er skrotet som klimabarnehage fordi det ble for dyrt å bygge etter passivhus-standard. Ny barnehage må bygges enda billigere siden millioner er brukt på planlegging.

- I overkant av hva vi
trodde vi kunne få til

<b>Durban (bt.no): </b>Kyoto-avtalen blir forlenget og en ny internasjonal klimaavtale skal forhandles frem innen 2015.

Relaterte bilder

FOTO: Arkiv

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenposten

Siste fra aftenbladet

Lederstillinger

Stillinger