— Dette er på kanten, tykkjer eg. Vi i forsvarskomitien veit kvar Svensholt arbeider. Spørsmålet er om folk flest gjer det. Eg tykkjer han er lite smart når han berre titulerer seg som kontreadmiral og tidlegare generalinspektør for Sjøforsvaret, seier Grethe Fossli, forsvarspolitisk talskvinne i Ap og sekretær i forsvarskomitien på Stortinget. Hans J. Røsjordet (Frp), leiar i forsvarskomitien, er ein sterk tilhengar av ei lovregulering av slike jobbskifte.

— Forsvaret er ofte kjøpar av varer og tenester. Ein embetsmann kan ta med seg mykje kunnskap om innkjøpsstrategien dersom han tek jobb hos ein leverandør. Difor bør vi få reglar om for eksempel eitt års karantenetid, seier Røsjordet - som er samd med Fossli i at Svensholt burde fortelje kva rolle han har når han deltek i MTB-debatten. Det same meiner Gudmund Restad, forsvarspolitisk talsmann i Sp.

— Eg forstår godt at slike folk kan ha kompetanse som næringslivet har god bruk for. Men dersom dei driv lobbyverksemd utan at det går fram at dei sjølve har økonomiske interesser i saka, tykkjer eg det er litt tvilsamt, seier Restad.