Olav.kobbeltveit@bt.no

Landsmøtet i Arbeidarpartiet kan det seiast mykje godt om, men eit brennande engasjement kring den framtidige kyrkjeordninga er vanskeleg å få auga på. Trond Giske innleidde om sentralstyrets nye plattform — ei vidareføring av statskyrkja med kosmetiske endringar - og han gjorde det godt. Det er ikkje alle som har den evna at dei kan omtala utvatna kompromiss med eldhug. Giske kan det.

Etterpå steig det fram ein ungdom som sa som sant er, at ein stat som held seg med si eiga kyrkje høyrer ei anna tid til. AUF og nokre til klappa. Men sidan vart det stilt.

Så der står saka, og der synest kyrkjeminister Trond Giske ho står godt. Han sa frå talarstolen at han vil ha ein inkluderande stat, og i hans hovud er det då naturleg å bruka kyrkja som reiskap til å oppnå eit slikt mål. Det vil han få høve til i mange år framover.

Då Gjønnes-utvalet leverte si tilråding - og rådde til ei fri folkekyrkje utan kyrkjestatsråden som øvste styresmakt - trudde dei fleste at denne gongen ville dei lukkast. Det har vore så mange forsøk, heilt frå tidleg på 1900-talet. Alle har hamna i ein departemental skuff. Men no var tidsånda ei anna. Sverige har gjennomført same prosessen med bravur. Både Gjønnes og det frivillige kristenlivet, dei som driv kyrkja frå dag til dag, trudde at utgangen var nesten gitt. Og så var det ingen tvil om at dei hadde dei beste argumenta. Prinsipiell tenking og logiske resonnement tilseier at anno 2007 får staten vera stat og kyrkja vera kyrkje. Men dei hadde, som vanleg, gjort rekning utan vert. Dei hadde ikkje rekna med strategane i Det norske Arbeidarparti.

Denne striden står mellom to frontar. Dei aktive kristne og heile det frivillige kristenlivet vil ha ei kyrkje som styrer seg sjølv. Strategane i Arbeidarpartiet og Senterpartiet, med støtte i eit fleirtal av prestane, vil halda på statskyrkja i ei eller anna form. Dei er redde for ei mørkemannskyrkje. I mellom ligg det store grosset, 60-70 prosent av det norske folket, som ikkje bryr seg stort om saka. Dei synest det er greitt nok med ei kyrkje dei kan bruka til dåp, konfirmasjon, giftarmål og gravferd. Men i denne saka representerer dei framfor alt likesæla.

Denne likesæla er det strategen Trond Giske tek til inntekt for sitt syn. Det er freidig gjort, men han slepp unna med det. For også meiningsmålingar fortel at rundt 40 prosent lever godt med dagens statskyrkje. Det er dette «folket» - den deltidskristne likesæla - som skaffar Trond Giske ryggdekning for ei vidareføring av det han yndar å kalla ei brei og open folkekyrkje. Søren Kierkegaards åtvaringar mot å ta kyrkjas tause majoritet til inntekt for statskyrkjeordninga gjer ikkje inntrykk på kyrkjestatsråden. Kierkegaard og Giske er i denne saka på kvar sin planet. For Kierkegaard var det ein utoleleg tanke at Kongen skulle ha makt over kyrkja. Giske trivst godt i rolla som konge og kyrkjas yppersteprest.

Han sit også med regien, og han tek saka med knusande ro. Etter talen opplyste han at ei endring av paragrafane 2 og 12 i Grunnlova treng ein eigen kommisjon. Den vil han oppnemna om ikkje så brått. Men han såg bort ifrå at denne kommisjonen vil kunna avgje tilråding alt våren 2008. Dermed er vi inne i neste stortingsperiode, og ei endring kan få sitt andre og endeleg vedtak først etter stortingsvalet i 2013. Så dett var dett.