Han er ein av dei verkelege pionerane, som starta med oppdrett i avsperra vågar, i hans tilfelle i Fitjar (Håpollen) og Radøy (Trollevågen). Seinare vart det meir tradisjonelt merdoppdrett med hovudbase i Osterøy (Valestrand). Men som så mange andre på Osterøy, var Endre fyrst knytt til familiegarveriet heime på Valestrand. Her var han i mange år. Giftarmålet med Astrid, fødd Olsen, på Rubbestadneset var med på å føra han inn som pioner i fiskeoppdrett, saman med svigerfaren, kontorsjef på Wichmann, og stortingsmann, Ola Olsen. Som pioner tok Endre på seg den uriasposten det var å finna ut ulike måtar å driva med fiskeoppdrett, innanfor avsperra vågar, etter prøve— og feilemetoden. Saman med nokre få andre var han med på å skapa det som skulle bli norsk oppdrettsnæring. Ikkje alt har gått beinveges for Endre. Opp gjennom åra har han hatt fleire kollisjonar med fiskeriforvaltninga, og ein gong også med påtalemakta. Ikkje alle i forvaltninga har stilt like trufast opp for å få vågvolumet i Håpollen og Trollevågen omgjort til merdvolum, i tråd med den nye oppdrettslova. Men det skjer vel før eller seinare. Endre sin utradisjonelle stil har utfordra mange i forvaltningssystemet og einskilde utøvarar i næringa. Likevel har han personleg, "ut fra en rimelighetsbetraktning", fått tildelt nokre få oppdrettskonsesjonar, der dei fleste no er overdregne til oppdrettarar rundt om i fylket. Endre har veksla mellom å vera lutfattig og styrtrik. Endre har svært mange gode venar rundt seg, og han utgjer alltid eit midtpunkt der han er, med sin endeframme og godslege væremåte. Han er uvanleg godt utrasta, og har ein måte å formidla seg på som er langt utover det vanlege. Lærarane hans såg kva som budde i han alt då han gjekk to år på Framnes. Etter Framnes gjekk turen til handelsgymnas i Volda, også det i to år. Han har seinare fått fagleg påbygnad i England og Tyskland, noko som gjer at han snakkar desse språka flytande. Før Endre starta med fiskeoppdrett i sjø, hadde han vore mange gonger rundt om i verda for å sjå korleis andre gjorde det. I sitt lange liv har Endre slite ut 12-15 pass. Ein ven frå strilelandet spurde sist haust kva tid Endre skulle slutte med fiskeoppdrett. "Berre vent til eg kjem i gang", svara 75-åringen. Hjarteleg til lukka med dagen.

AKSEL KLOSTER