Kvar tiande elev på første trinn ved vidaregåande skular i Hedmark og Oppland har påført sin eigen kropp skader, viser ei ny undersøking som blir presentert i Tidsskrift for Den norske lægeforening.

På spørsmål om 15-16-åringane har skadd seg sjølve i løpet av det siste året, svarar 6,6 prosent av totalt 4060 ungdommar ja.

— Eit svært høgt tal, seier førsteamanuensis Mette Ystgaard ved Seksjon for selvmordsforskning og ýforebygging ved Universitetet i Oslo. Dette treng likevel ikkje bety at ungdom har det verre enn før.

— Forklaringa kan også vere at problem meir kjem til uttrykk på denne måten i dag. Men det er foruroligande at vanskane ytrar seg kroppsleg, meiner Ystgaard.

Kutt og overdoser

Tre gonger så mange jenter som gutar svarar at dei har skadd seg i løpet av det siste året.

— Det er vanskeleg å seie sikkert kvifor dette gjeld så mange jenter. I ein del tilfelle kan det skuldast overgrep i barndommen, trur Ystgaard.

— Gutar har det nok like fælt, men taklar problema på andre måtar, som ved utagerande oppførsel eller drikking.

Fysisk skade er mest utbreidd. Tre-fjerdeledar av dei som skader seg, gjer det med kutting.

— Ei overveldande stor gruppe, seier Ystgaard til BT.

Resten har ført opp sjølvskading ved overdose med medikamenter. Men verken kutting eller overdosar treng å bety at ungdommane ønskjer å ta sitt eige liv.

— Nokre tenkjer nok på det, men for andre er det å kutte seg snarare eit ønskje om å kommunisere; ein måte å seie frå om at ein ikkje har det bra. Det kan vere ein måte å uttrykkje smerte på. Andre igjen brukar kroppsleg smerte for å døyve langt vanskelegare psykisk smerte.

Skjult fenomen

Sjølvskading har samanheng med låg sjølvtillit, rusmisbruk og konflikter med foreldra, meiner forskarane. Men fenoment kan også ha andre årsaker.

— Eigenskading kan ha ein viss smitteeffekt i spesielle vennemiljø. Når ryktet går om at éin har gjort det, gjer andre det også. Men vi kjenner også at ungdom støttar kvarandre på å ikkje skade seg sjølv, fortel Ystgaard. Mange av ungdommane snakkar ikkje med andre om kva dei gjer. Men skjer det, er det først og fremst med vener, ikkje vaksne.

— Fenomenet er i høg grad skjult for oss vaksne, men det er viktig å bli klar over at det finst og ta det på alvor, meiner Ystgaard. - Sjølv om eigenskade ikkje er bra, kan det vere forståeleg utfrå ein situasjon, og ikkje nødvendigvis så dramatisk som det høyrest ut som. Klarar vi å forstå kvifor ungdommane handlar som dei gjer, har vi eit betre utgangspunkt for å hjelpe dei ut av bakevja.