N Den nye radaren i Vardø vart utførleg omtala i to omgangar i ein serie artiklar i Bergens Tidende. Først skjedde det i 1998. Seinare kom ein ny omgang i 2000. Artiklane vekte stor oppsikt.

N Gjennom artiklane kom det fram at radaren inngjekk i USA sitt program for å skaffe fullt oversyn over all trafikk i verdsrommet. På den måten kunne radaren nyttast i USA sine planar for å bygge rakettforsvar.

N Slike planar og oppgåver er blankt avvist av norske styresmakter. Men på norsk side har ein motviljug måtte vedgå at radaren har etterretningsmessige oppgåver.