• Amelia Riis er dotter av skipsreiar Kristoffer Olsen senior og Dagny Marie Olsen. Amelia rauk uklar med broren Kristoffer jr. då buet etter foreldra skulle gjerast opp på 70-talet. * Skipet M/S «Sognefjell» skulle vere hennar del av farsarven. I forkant av Reksten-konkursen tok DnC pant i skipet – ifølgje Riis gjennom eit lovstridig sam-arbeid mellom banken, staten og brorens reiarlag. * Riis krev Reksten-buet for verdien av skipet – ei sak som kjem opp til hausten. Kravet vil tømme konkursbuet for dei 140 millionar kronene som er att. Paret har ført saker både mot DnC (nå DnB), Oslo Skifterett, broren Kristian Olsen jr. og Reksten-buet, og ligg fortsatt i retts-leg strid Falkefjell AS og Finansdepar-tementet.* Staten vart i Oslo byrett i fjor dømt til å betale Amelia Riis 43 millionar kroner i erstatning fordi skifteretten på 70-talet ikkje forvalta dødsbuet etter foreldra på ein skikkeleg måte.