TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bergens-tidende.no

Så godt som samtlege nasjonalpark— og naturinformasjonssentra lever i konstant pengenaud. Dei held til i flotte bygningar og har gode utstillingar. Men elendig økonomi gjer at dei har kutta ut fagstillingar, har store vanskar med å betale gjelda og svært lite pengar til å utvikle nye og spennande utstillingar. Dette kjem fram i ein rapport utarbeidd av rådgjevar Anders Anderssen ved miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. I rapporten skildrar Anderssen framtidsutsiktene som svært negative for sentra som skal leve av å informere om natur og nasjonalpark i Sogn og Fjordane. Med bakgrunn i den relativt dramatiske rapporten, reiser fylkesmannen Oddvar Flæte krav om at heile systemet med at private institusjonar skal ha ansvaret for å informere om nasjonalparken, må endrast, I dag er det tre senter som informerer om Jostedalsbreen Nasjonalpark. Desse tre er Breheimsenteret i Jostedalen, Norsk Bremuseum i Fjærland og Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Stryn.

Verst i Stryn Fylkesmannen karakteriserer situasjonen som verst for nasjonalparksenteret i Stryn. I ein utviklingsplan for 1996 vart det sett som mål å auke besøkstalet til 35.000 i år 2000. Realistisk besøkstal ligg nærare 12.000-14.000. Senteret har stor gjeld, og i rapporten vert situasjonen karakterisert som svært vanskeleg. - Om det skulle bli konkurs, er det uvisst korleis senteret kunne bli refinansiert og satse på vidare drift, skriv rådgjevar Anders Anderssen i notatet. Men også for nasjonalparksentret i Jostedalen er situasjonen langt frå å vere rosenraud. I Jostedalen har sanering av oppsamla gjeld letta situasjonen, men det er likevel svært lite midlar til vedlikehald og fagleg fornying.

Kritisk i Lærdal Best går det ved Norsk Bremuseum i Fjærland. Der har dei klart å halde høge besøks-tal, og dermed fått pengar til å nyutvikle utstillingane. I notatet vert også situasjonen for Norsk Villakssenter i Lærdal karakterisert som vanskeleg. Senteret, som vart opna av kong Harald i 1996, hadde to gode år, før besøkstala fall. Etter at gyro-problema kom tilbake til Lærdalselvi, er situasjonen ytterlegare forverra.

Særnorsk ordning Rapporten frå miljøvernavdelinga gjer at fylkesmann Oddvar Flæte no ber Direktoratet for Naturforvaltning revurdere heile ordninga med private senter som skal ivareta informasjonsoppgåver om natur og nasjonalpark. Dette er ei særnorsk ordning som ikkje kan overleve. Det er nødvendig å søkje nye og meir varige løysingar for både eksisterande og framtidige nasjonalparksenter rundt i landet, meiner Flæte. Fylkesmannen meiner desse sentra bør vere fleirbruksanlegg, og viser konkret til døme frå Tyskland og Østerrike der nye nasjonalparksenter både skal ha "grendehusfunksjonar" og vere informasjonssentra. Flæte lanserer også tanken om å involvere desse sentra i miljøbasert næringsutvikling, i samarbeid med vertskommunane. - Nasjonalparksentra burde kunne vere nasjonale fyrtårn både for røkt, informasjon og næringsretta miljøvernarbeid.