Professor Sunniva Whittaker tar ein lynrask spørjerunde blant førsteklassingane i den store gymsalen.

— Spansk? Japansk? Kinesisk?

Dette er NHHs første sjarmoffensiv på Bergen Handelsgymnasium, som har tjuvstarta på Den internasjonale språkdagen. Målet er å få elevane til å forstå kor viktig det er å lære seg språk.

— Er nordmenn flinke i språk?

Gymsalen vaknar til liv.

— NEI!!!

— Stemmer.

Bad bisniss

Whittaker, styrar ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon på NHH, meiner tvert om at vi overvurderer engelskkunnskapane våre her på bjerget.

— Nordmenn har ei overdriven tru på eigne evner til å snakke engelsk. Dei slår seg på brystet, og innbiller seg at dei er veldig gode - heilt til dei opnar munnen. Mang ein elev har kome gråtande ut av munnleg eksamen, seier Whittaker.

Dårleg språk er bad business. Norske bedrifter tapar kontraktar i millionklassen på grunn av manglande språk- og kulturkunnskapar, viser forsking ved Fremmedspråksenteret.

Kvardagsengelsken vår kjem til kort i arbeidslivet. Vi fornærmar folk uforvarande, og har problem med å følgje opp nettverk.

— Nordmenn trur dei er mykje flinkare i engelsk enn dei faktisk er, sa språkforskar Glenn Ole Hellekjær til BT i fjor.

Språk i motvind

— Nokon som har tenkt å studere språk?

Spør professor Whittaker elevane i gymsalen. Berre éi hand går i vêret.

Språkfag er i motvind i den vidaregåande skulen. Færre og færre elevar vel framandspråk.

— Å rekruttere studentar til språkfag er vanskeleg, seier Whittaker.

Lektor Ewa Siarkiewicz-Bivand, som har arbeidd ved BHG sidan 1989, kan skrive under på det. Få elevar i tredje klasse vel fordjuping i engelsk og tysk.

— Mange trur dei kan engelsk. Dei er ofte flinkare i munnleg kommunikasjon enn før, og kan engelsk på turistnivå. Men dei er mykje mindre presise, kan ikkje grammatikk og har for lite ordforråd. Elevane forstår ikkje kor viktig det er å kunne språket godt. Å skrive eit formelt dokument på engelsk blir for vanskeleg, seier ho.

Langt meir eksotisk og trendy er språk som japansk og kinesisk. For første gong lærer 24 elevar ved BHG kinesisk i haust.

— Langt fleire ville ha ta faget, men vi har berre 24 lærebøker, forklarar kinesisklærar Kuang Xin.

Konkurransefortrinn

Tilbake til gymsalen, der professoren hamrar inn at språk er eit konkurransefortrinn.

— Du som har valt eit eksotisk språk, må bruke det for alt det er verdt i marknadsføringa av deg sjølv, er oppfordringa frå Whittaker.

Av og til er det berre ein liten ting som skal til, seier Whittaker, for å trigge interessa for eit nytt språk.

Som når utlendingar lærer seg norsk, fordi dei diggar norsk black metal, eller vil lese Ibsen på originalspråket.

— Språk er utruleg viktig, for den som vil jobbe innan næringsliv og offentleg sektor. På en del arbeidsplassar er engelsk arbeidsspråket, sjølv om 90 prosent av dei som jobbar der er nordmenn, seier Whittaker, og presenterer ei lang smørbrødliste av jobbar for den som kan språk.

— Studerer du språk, blir du humanist. Ein humanist er litt som ei potet, og kan brukast til mykje forskjellig!

Er nordmenn gode i engelsk? Sei di meining i feltet under!

Ørjan Deisz