Wiederøes er svært sparsame med opplysningar rundt det som skjedde då flyet frå Oslo landa på Førde lufthamn klokka 01.18 sist torsdag, meir enn to timar forseinka.

Står parkert

Om bord var 14 passasjerar. Ingen personar kom til skade, men besetninga på tre er tatt ut av teneste, og skal tirsdag gjennomgå ein debriefing.

Flyet, ein Dash-8 100 med 37 seter, har stått parkert i Førde sidan hendinga.

— Alt vi kan seie er at dette var ei hard landing, og at vi no undersøker saka, seier informasjonskonsulent Wigdis Korsvik i Wiederøes. Selskapet kan ikkje opplyse noko rundt hendingsforløp, skadeomfang eller kor lang tid som vil gå før dei kan gje folk slik informasjon.

Har fått rapport

Men saka er såpass alvorleg at Havarikommisjonen for sivil luftfart har fått rapport.

— Vi er orientert om at gravitasjons-målaren viste høge verdiar under denne landinga. Wiederøe har sendt oss deler frå understellet til undersøking, men dette er ikkje avslutta enno, seier Finn Heimdal i flyhavarikommisjonen.

Heimdal har ikkje motteke rapport frå fartysjefen, og kan såleis ikkje seie stort om kva som skjedde.

— Men det skal ha vore uroleg vær denne natta, med ein del turbulens, seier han.

Luftfartstilsynet har i ein rapport for 10-årsperioden 1990-99 klassifisert 32 hendingar som "Hard landing". I mange av tilfella skjedde landinga utan at flyet var tilstrekkeleg stabilisert under innflyginga. Vidare er årsaksfaktoren "flyhastighet ikke oppnådd/bibeholdt" ein gjengangar.

— Dersom flygerne hadde planlagt innflygingen bedre og fått stabilisert luftfartøyet i korrekt hastighet, gjennomsynkning samt trase, antas det at flere av hendelsene kunne vært forhindret, skriv Luftfartstilsynet i sin konklusjon.

SATT PÅ BAKKEN: Deler frå dette flyet blir no undersøkt av Flyhavarikommisjonen, etter at det vart skadd i ei hard landing på Førde lufthamn sist fredag.
FOTO: ODDLEIV APNESETH