TERJE ULVEDALODDLEIV APNESETH (foto)

terje.ulvedal@bergens-tidende.no

Førde

 Av 100 Widerøes-tilsette i Florø, får to jobb ved Førde Lufthamn. Resten forsvinn ut av fylket. Avgjerda i Widerøes om korleis dei skal organisere seg på Vestlandet etter at flyselskapet tapte anbodet på Florø Lufthamn, er dårleg nytt for Sunnfjord-kommunane Gaular og Førde. — Nei, dette var ikkje mange smulane, sukkar Per Kjelstad, ordførar i Gaular kommune der Førde Lufthamn er plassert. - Eg hadde ærleg tala trudd at Widerøes ville lagt opp til ei større teknisk bemanning ved Førde Lufthamn. Eg venta meg meir enn to stillingar, seier Kjelstad som ikkje legg skjul på at han er skuffa..

- Urealistisk Før jul vart det skapt forventningar om at flyselskapet ville opprette ein større base ved Førde Lufthamn. Når Widerøes no har bestemt seg for at berre to teknikarar skal stasjonerast ved Førde-flyplassen, kjem dette som eit stort tilbakeslag for kommunane i nærområdet til Førde Lufthamn, først og fremst Gaular og Førde.

Over 30 stillingar - Forventningane som vart skapt om ei større satsing på Førde Lufthamn, var det aldri særleg grunnlag for. Mest av alt var det mediaskapte forventningar, kommenterer informasjonsdirektør Martin Lohne i Widerøes overfor Bergens Tidende. Bakgrunnen for endringane som no skjer er at Widerøes i haust tapte anbodet på flygingar til og frå Florø Lufthamn. Frå 1. april tek Haugesund-selskapet Coast Air over all trafikk på den størst av dei fire kortbaneflyplassane i Sogn og Fjordane. Widerøes sit att med flygingane på Sogndal, Førde, Sandane og Hovden (Ørsta/Volda) på Sunnmøre. 20 flygarar og 10-12 kabintilsette skal etter 1. april gå på og av jobb i Bergen. Tyngda av det tekniske personellet som har hatt arbeidsdagen sin i Florø - 14 personar - vert overført til Widerøes' base på Gardermoen. - Kvifor er Bergen valt som operativ base på Vestlandet, og ikkje ein av kortbaneflyplassane? - Bergen og Flesland gjev oss den mest fleksible løysinga. Hovudårsaka er at det vert fleire direkteruter til Bergen og Oslo etter 1. april, og dermed færre avgangar mellom kortbaneflyplassane. Lohne opplyser til Bergens Tidende at 20 årsverk, i hovudsak stasjonstilsette i Florø, vert overflødige. Ein del av desse vil truleg få tilbod om jobb i Coast Air når dei tek over flygingane på Florø. Andre har fått tilbod om jobb andre stader i Widerøes-systemet. - Vi har samarbeidd nært med dei tillitsvalde og fagforeiningane, og eg føler at vi har nådd fram til ei løysing dei fleste kan akseptere, seier Lohne. Opplegget etter 1. april vert at eitt Widerøe-fly skal "overnatte" på kvar av flyplassane Førde, Sandane og Hovden. På flyplassane Førde og Hovden har Widerøes hangarane klar, men på Sandane må det byggjast nytt. Informasjosndirektør Martin Lohne seier at ein hangar til fire millionar kroner skal stå klar på Sandane neste haust.

fakta/vestlandsrutene Widerøe har så langt vore einerådande på vestlandsrutene som omfattar flyplassane Sogndal, Førde, Florø, Sandane og Hovden (Ørsta/Volda). Men etter at rutenettet vart splitta opp under anbodsrunden i fjor, overtok Haugesund-selskapet Coast Air flygingane på Florø. Coast Air vann fordi dei la inn eit langt lågare tilbod. Widerøe fekk anbodet på dei fire andre kortbaneflyplassane. I Florø har Widerøe hatt sin hovudbase på Vestlandet. Basen vert lagt ned når Coast Air tek over 1. april. Flesteparten av dei 100 tilsette vert overførte/får tilbod om jobb på Flesland og Gardermoen.