— Eg ser for meg at somme stillingar i staten er så spesielle at dei bør vere på åremål. Ei slik stilling er overvakingssjefsstillinga. Men hovudregelen bør vere at ein ikkje har åremål – heller ikkje for politimeistrane. Dette seier politimeister Rolf B. Wegner til Bergens Tidende.

- Må kunne opptre sjølvstendig

Wegner legg til at han kan sjå argument som trekker i begge retningar.

— For min del meiner eg at det som tel tyngst er at ein embetsmann skal kunne ha ein sjølvstendig embetsførsel utan at usemje om embetsførselen skal føre til otte for ikkje å få forlenga åremålet, seier Wegner.

Wegner meiner både dei ulike etatane og staten vil vere best tent med å ha embetsmenn som kan opptre sjølvstendig og kome fram med motførestillingar utan å ottast represalie.

- Ikkje flat for staten

Professor Niels Christie, har også klare oppfatningar av dette spørsmålet:

— Det er viktig å ha visse statsstillingar som er uavhengige av staten. Politimeisterstillingane er heilt klart ein slik type stilling. Difor meiner eg det var eit feilgrep å innføre ordninga med politimeistrar på åremål.

— Det er viktig at politimeistrane ikkje må legge seg flate for staten, men ha mot og vern nok til å vurdere og handle sjølvstendig. Personleg vil eg heller ha ein litt søvnig politimeister enn ein reddhare som dansar etter politiske vindar og signal ovanfrå, seier Christie.

Og han føyer til:

— Personleg har eg hatt kontakt med politimeistrar og statsadvokatar som nettopp har hatt evne og vilje til å opptre sjølvstendig, som gjerne har vore rekna som litt originale. Vi skal verne om originalane. Det vil vere eit kulturelt tap å ikkje ta vare på dei verdiane som ligg i dette systemet.