OGNE ØYEHAUG

Trugselen kjem i et brev utanriksminister Jan Petersen har sendt til EUs handelskommisær Peter Mandelson.

Sigbjørn Haugen i Aqua Farms, Frode Møgster i Sjøtroll, Ola Branaas i Firda Sjøfarmar og Leif Rune Pedersen i Salmon Partners har alle fått ein ekstra straffetoll på 24,5 prosent.

Det er høgt over den gjennomsnittlege straffetollen på 16 prosent som storparten av norske lakseoppdrettarar må slite med etter at EU 27. april i år la straffetoll på den norske lakseeksporten.

EU meiner desse verksemdene ikkje har vore samarbeidsviljuge under EU si granskinga av om det er grunnlag for å skulde norske oppdrettarar for dumping, å selje laks med tap. Verksemdene sjølve seier dei aldri har vore spurde om noko som helst.

Ei ekstratoll på 24,5 prosent vil etter kvart presse dei 92 ut av EU-marknaden, som tek unna kring 75 prosent av all norsk lakseproduksjon.

Telefon frå ministeren

Utanriksminister Jan Petersen ringde torsdag kveld personleg til styreleiar Lisbeth Berg Hansen i Fiskeri— og Havbruksnæringens Landsforening. Petersen fortalde at regjeringa vurderer å klage den ekstra straffetollen inn for WTO, den internasjonale handelsorganisasjonen. Dersom WTO kjem til at den ekstra straffetollen er i strid med regelverket for internasjonal handel, må EU oppheve den ekstra straffetollen.

Tøff line

Norske styresmakter har heile tida køyrd ei hard line i laksestriden med EU. Også i februar vedtok regjeringa å klage EU inn for WTO.

Då gjaldt det EU sitt vedtak om å innføre minstepris og importkvotar.

— EU-kommisjonens vedtak om å innføre vernetiltak mot norsk laks er ikkje i samsvar med WTOs regelverk, sa statsminister Kjell Magne Bondevik i februar.

Då EU innførde straffetoll i april fall ordninga med minstepris og kvotar bort.

Den gamle klagen er difor ikkje aktuell lenger, men Noreg er no snart klar med ein ny.

Snarleg avklaring?

Torsdag i neste veke møtes antidumpingkomiteen i EU for å diskutere laksesaka.

Førebels er det først og fremst lakseindustrien i EU som er råka av vanskar på grunn av straffetollen, fordi norske oppdrettarar har klart å halde prisen oppe.

Eit rykte før møtet neste veke går ut på at EU vil erstatte straffetollen med minstepris for å kome eigen foredlingsindustri i møte. Men kommisjonen vil gjere unntak for dei uheldige 92 oppdrettarane. Dei skal framleis slite med 24,5 prosent straffetoll.

UTSETT NÆRING: Straffetolla har gjort laksen dyrare, og mange verksemder har permittert og sagt opp tilsette. <br/>ARKIVFOTO: ARNE NILSEN