Det opplyser fungerande ekspedisjonssjef i Kriminalomsorgens sentrale forvaltning, Torgeir Heimli, til Bergens Tidende.

Konkrete retningsliner

Dette arbeidet blir nå sett i gang med direkte bakgrunn i dei to fangesex-sakene frå Bergen fengsel som Bergens Tidende har omtala dei siste dagane.

— I den alminnelege tenesteinstruksen for tenestemennene i fengselsvesnet er det slege fast at denne typen handlingar ikkje er akseptabel. Men vi vil nå vurdere om det er behov for retningsliner som seier korleis slike handlingar skal fylgjast opp, konkret, seier Heimli.

— Direktøren i Ullersmo fengsel uttala til Bergens Tidende i går at det framgår av dagens regelverk at slike handlingar skal fylgjast opp?

— Ho må då sikte til den alminnelege instruksen, men den seier ikkje kva som skal skje, berre at det skal reagerast, seier Heimli.

«Ingen kommentar»

Heimli vil ikkje kommentere dei to konkrete sakene. Grunngjevinga er at dette gjeld «personalforhold».

Heimli vil ikkje svare på om den sentrale kriminalomsorgsforvaltninga er blitt orientert av region vest innan kriminalomsorga eller fengelset om dei to sakene.

Han nøyer seg med å seie at dette er saker som i utgangspunktet blir handtert lokalt/regionalt. Han vil heller ikkje seie noko om det er aktuelt for kriminalomsorga sentralt å be om ei orientering eller å fylgje opp dei to sakene.

Streng straff

I går uttala riksadvokat Tor-Aksel Busch til Bergens Tidende at fengselsvesnet og i neste omgang Justisdepartementet i første hand har ansvaret for å fylgje opp saker av denne karakter. Det er uttrykkeleg lovforbod mot at tilsette innleier forhold til innsette i norske fengsel. Slike handlingar blir råka av utuktskapittelet i straffelova og har ei strafferamme på inntil fem års fengsel.

Slike handlingar er underlagt offentleg påtale, og politi- og påtalemakt er difor ikkje avhengig av at nokon melder saka til politiet med krav om straff.