Dette er mellom dei tiltaka som Utlendingsdirektoratet og Kommunaldepartementet nå vurderer å innføre. Styresmaktene er no i dialog med Advokatforeningen om slike og fleire andre tiltak.

Det opplyser fungerande direktør i Utlendingsdirektoratet, Frode Mortensen, til Bergens Tidende.

Slike tiltak vil ha dramatiske konsekvensar for ei rad asyladvokatar, som i dag gjer store pengar på dei mange asylklientane. «Asylkongane» mellom advokatane har årleg fleire hundre asylklientar.

Advokatvakt

Eit anna tiltak som blir vurdert, er på ny å innføre ei form for advokatvakt ved det sentrale asylmottaket på Trandum. Men ei slik vaktordning på bli noko annleis enn den tidlegare vaktordninga, kort og godt av di mottak og behandling av søknader om opphald, er lagt om, opplyser Mortensen.

Ein vil då ha ei vaktordning med advokatar til stades heile dagen, som kan utføre dei oppgåvene som trengst.

Mortensen er heilt klar på at dagens ordning ikkje fungerer tilfredsstillande og at ein må lage eit betre system.

Klientkapring

Dei stadige skifta av advokat, «såkalla klientkapring», har vore eit problem, seier Mortensen. Når advokatskiftet skjer ved at asylsøkaren flyttar ut frå Oslo-området og får ein lokal advokat der han kjem, er skiftet av det gode, ifylgje Mortensen.

Det er det derimot ikkje når det skjer ei opphoping av kilentar hjå nokre få advokatar i Oslo-området.

For få dagar sidan kunne Bergens Tidende med asyladvokatar som kjelde, fortelje om tolkar som tilbaud advokatar fleire ti-tal asylklientar på vilkår av at tolken fekk jobben som tolk.

Mortensen stadfester at UDI over ei viss tid har fått høyre rykte om denne typen aktiv klientkapring: at tolkar opererer sjølv ved å rekruttere klientar, at tolkar operer saman med advokatar og at advokatar opererer sjølv.

— Vi er uroa over dette og ynskjer å finne fram til tiltak som kan eliminere dei uheldige sidene ved ein slik trafikk, seier Mortensen.

Fritt advokatval

Eit tiltak kan vere å innskrenke retten til fritt advokatval. Mortensen opplyser at Kommunaldepartementet har heimel i utlendingsforskrifta til å innskrenke retten til fritt advokatval.

Eit anna tiltak kan vere å avgrense talet på asylsøkarsaker som kvar advokat kan ha.

Kvar grensa eller «taket» skal settast vil Mortensen ikkje seie noko bestemt om. Men han gjer det klart at det ikkje vil vere aktuelt å akseptere at ein advokat har fleire hundre asylsaker.

— Det er klart uheldig og for mange for å sikre at klientane får ein forsvarleg oppfølging, seier han. På den andre sida seier han at ein heller ikkje må setje taket for lågt av di ein då går glipp av effekten ved ei viss spesialisering mellom advokatane.

Han opplyser at også Advokatforeningen har signalisert positiv haldning til slike tiltak.

Strakstiltak

UDI vil nå utarbeide skisse til tiltak på kort sikt som skal drøftast på møte med Advokatforeningen og Kommunaldepartementet midt i august.

På lengre sikt kan det vere aktuelt å vurdere endringar av dagens stykkprisordning. Men det er i hovudsak eit ansvar som ligg på Justisdepartementet.

Det kan då, etter det Bergens Tidende forstår, vere aktuelt å snu dagens ordning med eitt fast honorar for fem timars arbeid for søknad, og tre timar for ein anke. Resonnementet er då at det tek kortare tid å skrive ein søknad enn å utarbeide ein anke over avslag.