VIDAR YSTAD vidar.ystad@bt.noOslo

Det er nye opplysningar som i går kveld vart oversendt frå statsministeren til Venstre-leiar Lars Sponheim, som er bakgrunn for den nye utviklinga. Brukte pisk Eit framlegg om å stanse utbetaling av aksjekapital til IT Fornebu, kan ha utsikter til å få fleirtal sidan utbrytarane frå Frp er samde med resten av opposisjonen. Carl I. Hagen brukte pisk for å tvinge viljen sin igjennom då IT Fornebu-saka varty behandla i Stortinget.

Dei nye opplysningane viser at berre 32 millionar av totalt 425 millionar som er løyvd av Stortinget for 2000 og 2001, er utbetalt.

Sein framdrift Den manglande utbetalinga kjem at sein framdrift i prosjektet.Striden om ulovlege subsidiar til tomt, som vart teken opp av kontrollorganet ESA, hyar forseinka prosjek tet med nesten eitt år.

Bondevikregjeringa med næringsminister Lars Sponheim som ansvarleg statsråd, åtvare Stortinget om nettopp dette. Men det vart neglisjert av fleirtalet av Ap og Frp.

Ba om utgreiing Sponheim ba statsminister Jens Stoltenberg om ei utførleg utgreiing om status i IT Fornebu-prosjektet måndag. Det skjedde på bakgrunn av eit oppslag i Bergens Tidende same dagen. Her kom det fram at IT Fornebu-prosjektet var i ei krise og at både SIVA-direktrøren og rekor ved Handelhøyskolen BI ville trekke seg frå styret i IT Fornebu.

Vi vurderer nå å stoppe vidare utbetaling av kapital tilpo vi har fått ein skikkeleg rapport som viser at Stortinget sine føresetnadar for prosjketet blir fylgt opp. Opplysningane så langt viser at Ap-regjeringa ikkje eingong etterloever sine eigne føresetnadar, seier Sponheim til BT.