ARNE HOFSETH

YVONNE ERDAL (foto)

arne.hofseth@bergens-tidende.no

Bjørgum Sidan Lord Provost John McKay kom til Voss i 1986 for å henta julegran, har Hordaland Fylkeskommune kvart år spandert ei vossagran på sin skotske venskapsby. Med skotsk pomp og prakt blir julegrana kveikt ved The Mound, på eit hjørne av Princes Street Gardens, godt synleg frå den kjende handlegata, og med Edinburgh Castle kneisande mot himmelsynet ovanfor.

Nytt parlament I år blir det ekstra stas, for Skottland si flunkande nye folkevalde forsamling, det skotske parlamentet, har flytta inn i den ærverdige bygninga Assembly Hall, rett bak der grana frå Voss plar stå. -— Juletreet skal stå her i år også, og i Edinburgh gler vi oss til å få det tent framfor det nye parlamentet, seier Miranda Garliff til Bergens Tidende. Dialekten røper at ho er innflyttar frå England, men dotra Sophie er fødd og oppvaksen i Edinburgh-området. Den 9-årige eleven ved St. Johns Primary School i Portobello nede ved sjøkanten vann ei tevling som avisa The Scotsman skipa til. På kort varsel reiste dei til Voss for å velja tre.

Skotsk bøk i gave Om Sophie hadde noko reelt val mellom alle trea i skogen, tvilar vi sterkt på. Men ho er ein sjarmerande ambassadør for den skotske hovudstaden. Ho hadde med gåver til Lars Istad og sonen Jostein (5) og las sitt eige dikt om eit bøketre som ho har planta i ei potte heime i hagen. Bøk kan med tida bli høgare enn grana, med langt tjukkare stamme. Dette treet ville ho gje som ei gjengåve til Hordaland Fylkeskommune, men dei fekk for kort tid å ordna med «helseattest» for loveleg å kunne ta planten med seg over landegrensene. Difor måtte ho nøya seg med å overrekkja ei fin teikning og sjølvlaga dikt. Her er difor ei oppgåve for fylkesordførar Gisle Handeland eller varaordførar Helen Nordeide Fløisand når ein av dei skal over til Edinburgh for å kveika julegrana 25. november: Anten syta for attest, eller smugla med seg bøka heim att.

22 meter Ei 22 meter høg gran vart felt etter alle kunstens reglar. Sidan det ikkje er praktisk mogeleg å transportera lengder over 16 meter, vart seks meter kappa av nederst. -- Synd at ikkje heile treet kan bli med, kommenterte Sophie. Med sidan lengda var rikeleg, var det ingen problem med ei skive til Sophie som suvenir, i tillegg til rikeleg med konglar. Årringane viste at treet er 85 år gamalt, og at veksten er kraftigast på solsida. Tre som veks heilt i utkanten av ein skog er betre eigna til juletre enn til første sortering skurlast. Denne delen av Vossabygda har ein av dei få urskogane med gran på Vestlandet. Her har grana frødd seg sjølv. Ho er ikkje planta.