Laurdag rykka utanriksråd Sven Erik Svedman ut med kritikk av di dei to ambassadane ikkje var blitt orientert om terrorplanane som politiet meinte å ha avdekka. Informasjonen var ikkje slik Utanriksdepartementet ønskjer den skal vere.

Nektar å kommentere

På denne bakgrunnen fann politidirektør Ingelin Killengreen det naudsynt å utøve sjølvkritikk på vegner av politiet. Killengreen vart intervjua laurdag kveld.

Det korkje ho eller andre har sagt noko om, er at Justisdepartementet, etter det Bergens Tidende får opplyst, har vore halde løpande orientert om overvakingspolitiet, PST, sine funn.

— Eg vil overhovudet ikkje kommentere slike opplysningar, seier assisterande departementsråd, Hans Olav Østgaard, i Justisdepartementet til Bergens Tidende. BT konfronterte han med opplysningar om at departementet har vore løpande informert om terrorplanane.

— Du kan altså ikkje avkrefte at departementet vart orientert?

— Vi kommenterer aldri den typen opplysningar, seier han. Østgaard er tidlegare overvakingssjef.

Redd lekkasjar

Bergens Tidende har grunn til å tru at politiet og overvakingspolitiet var samde om at dei ikkje ville informere dei to ambassadane av frykt for at det kunne øydelegge etterforskinga.

Det er uklart om Justisdepartementet har vore inne i desse overlegningane. Men Justisdepartementet let også vere å informere Utanriksdepartementet om saka.

I dag opplyser kommunikasjonssjef Anne Lene Dale Sandsten i UD til Bergens Tidende at UD først fekk kjennskap til saka gjennom media. Det var også på den måten UD fekk kjennskap til kritikken frå dei to ambassadane med påstand om mangelfull informasjon.

På den bakgrunnen kontakta utanriksråden dei to ambassadørane for å få høyre kva dei meinte. Før Svedman uttala seg kritisk til media laurdag, hadde han også vore i kontakt med politiet og politidirektoratet, opplyser Sandsten.

Ansvaret

Politidirektoratet vil ikkje uttale seg om kva dei veit om informasjonen til Justisdepartementet.

Avdelingsdirektør Liv Merete Wiker uttalar på vegner av politidirektøren dette til Bergens Tidende:

— Det er PST sitt ansvar å utarbeide trugsmålsvurderingar. I neste omgang er det politiet sitt ansvar å gjennomføre tryggingstiltak. I denne samanhengen er det Oslo-politiet som har ansvaret for kontakten med ambassadane.

— Politidirektoratet har konstatert at kontakten og informasjonen kunne ha vore betre i denne saka. Vi tek nå sikte på å gjennomgå denne saka for å trekkje lærdom for framtida, seier Wiker. Ho viser til PST når det gjeld korleis PST har handtert og formidla den informasjonen etaten har hatt.