Viruset gjer at nye oppdrettsanlegg må ligge minst mellom tre og fem kilometer unna naboen – slik som for lakseanlegg same kva for fisk det er i anlegget.

Det seier stipendiat Kjetil Korsnes ved Høgskolen i Bodø, ein av forskarane som har påvist at virussjukdomen VER kan smitte frå torsk til laks.

Tidlegare har oppdrettarane hatt voner om at oppdrettsanlegg for nye artar kan ligge tett ved eksisterande lakseoppdrettsanlegg, fordi det ikkje har vore rekna med smittefare mellom artane.

Slik skulle det bli god plass for nye artar, og ingen kamp oppdrettarane mellom om plass langs kysten.

Like farleg

Men forskinga Korsnes og kollegaer frå Universitetet i Bergen, Havforskningsinstituttet og Høgskolen i Bodø har gjort sender slike voner i grava.

Inntil vidare bør vi vere føre var, og halde på krava til avstand mellom oppdrettsanlegga, sjølv om det er ulik type fisk i anlegga, meiner forskarane.

Virussjukdomen VER angrip og øydelegg sentralnervesystemet og er dødeleg for yngel og setjefisk.

Den finst hos meir enn tjue fiskeartar. Tidlegare er det kjent at den mellom anna kan angripe torsk, hyse, piggvar og kveite. No viser altså forskinga at viruset også kan smitte over på laks og utløyse sjukdomen der.

Store planar

Innan åtte år er det råd å produsere 200.000 tonn oppdrettstorsk i året i Noreg, sa administrerande direktør Magnus Skretting i Nutreco Cold Water Species i eit intervju med nettavisa Intrafish i februar.

200.000 tonn oppdrettstorsk tilsvarar over ein tredjepart av dagens produksjon av oppdrettslaks og er ein kolossal auke frå dagens produksjon på cirka 3000 tonn oppdrettstorsk.

For å få ein slik vekst trengst det mange nye oppdrettsanlegg.

Seniorrådgivar Martin Binde i Nasjonalt senter for fisk og sjømat i Mattilsynet åtvara i februar om at fjordane allereie er i ferd med å bli for tronge.

— Viss du ser på kartet for dei mest tette oppdrettsområda så er det vanskeleg å sjå kvar ein skal få plass til torskeoppdrett, sa Binde.

Får ikkje teste

VER-sjukdomen tilhøyrer den gruppa fiskesjukdomar der styresmaktene krev at fisken skal slaktast og anlegget leggast brakk i ein periode der sjukdomen vert oppdaga.

Korsnes og dei andre forskarane meiner utbreiinga av VER-viruset er større enn offisiell statistikk viser. Dei ønskjer ei kartlegging av tilstanden både hos oppdrettskveite og –torsk, i tillegg til villfisken for å kunne planlegge tiltak mot smitte.

Men sidan konsekvensane av å få påvist viruset er å få fisken slakta og anlegget stengt er oppdrettarane lite samarbeidsviljuge.

— Vi er ikkje velkomne, seier Korsnes. Han meiner det er naudsynt å gi torske- og kveiteoppdrettarane unntak frå påbodet om slakting, for å få gjennomført kartlegginga.