Etter at han var i NRK ved 21-tida, tok han drosje til Venstres hus. Der gjekk han på kontoret saman med generalsekretær Geir Olsen. Valdagsmålinga som NRK presenterte klokka 2100 gav Venstre 4,7 prosent og åtte mandat, ein framgang på to. Denne målinga gav Venstre to mandat i Hordaland. TV2 si vladagsmålinga gav Venstre 4,0 prosent. Det ville gje seks mandat. Sponheim ville ikkje kommentere tala som strøymde over TV-skjermen, før det var meir handfast å halde seg til.

Enkeltresultat og landsprognosar var lite lysteleg lesnad. Men Sponheim gjorde sitt beste for å trøyste generalseretæren:

— Ta det med ro. Det er berre småkommunar. Hugs vi skal ha halvparten av røystene våre i dei 20 største kommunane.

Undervegs kunne Sponheim likevel gle seg over at partiet hans held stillinga som største parti i heimkommunene Ulvik ved 22,9 prosent. Det var rett nok ein tilbakegang på 2,7 prosent men resultatet ligg over fylkestingsvalet. Sponheim kunne også gle seg over meldingar om framgang i Granvin og Eidfjord.

Sponheim vona også sterkt på at ei forsikring han hadde fått frå direktøren i meiningsmålingsitituttet, MMI, Erik Dalen, skulle slå til:

Han hadde forsikra Sponheim om at det ikkje var snakk om at feilmarginen på valdagsmålinga for Venstre, ville ver over 0,7 prosent.