STEINAR HYSTAD (tekst og foto)

Han er på veg til å sjå til kilenøtene som står utmed Slåtterøy og fiskar villaks. Tett i hælane ruslar sauen, som har tatt over rolla som skipshund i snekka til Johnsen.

Og skipssauen veit kva han gjer. Det er fjæra sjø og eit par meter ned til æsing og dørk. Hoppet tar sauen på stødige spinkle bein for så å følgja med når eigaren løyser landtamp og sveivar i gang den trufaste Sabben. På tur ut mot havet stiller han seg ved sida av skipperen og ser såre tilfreds ut.

Takksamme bræk

Soga om den spesielle sauen i Brandasund byrja tidleg i vår .

— Eg var og såg til villsauene mine og merka meg at der gjekk eit einsamt lam på bøen. Det hender søyene overser eit av sine nyfødde, så eg lammet med meg heim for sikra av det fekk i seg føde.

— Me vart gode vener, det blir gjerne slik med alelam. Men denne krabaten må har sett umåteleg stor pris på servicen for han brækte slik når eg gjekk framom smalahuset at eg byrja ta han med i verkstaden og i båten, fortel Øyvind Johnsen.

Lengta til jobben

Planen var å sleppa lammet, som ikkje har fått seg namn enno, ut på Slåtterøy saman med resten av villsauflokken.

— Det gjorde eg då også, men min gode ven må ha lengta kolossalt heim og til «jobben» på verkstaden. Då eg eit par dagar etterpå skulle ut med kraftfôr og sauen merka at båten kom hoppa han på sjøen og sumde meg i møte. Sidan har han halde seg kring føtene mine, seier Johnsen.

Og stryk firfotaren varsamt over krølleulla.

Elegante hopp

Også på runden til kilenøtene denne kvelden svingar Johnsen oppom Slåtterøy med litt smågodt til utegangarane.

Skipssauen hoppar elegant på land og seinare endå meir elegant om bord att.

Det var greitt å helsa på slektningane, men å bli på øya saman med sine medskapningar såg ikkje ut til å vera i nærleiken av alelammet sin tankar. Då var det mykje kjekkare å bli med og fiska villaks.

SJØVAN SAU: Skipssauen jumpar elegant om bord etter visitten på Slåtterøy.

JOBBKAMERAT: Alelammet følgjer ofte med Øyvind Johnsen på jobb i verkstaden. Her anar han at det er noko ekstra velsmakande i bøtta.