Arbeids— og administrasjonsminister Victor Norman ville partere Statskonsult. I regjeringskonferansen la han fram eit notat der han la opp til å omdanne Statskonsult til eit aksjeselskap frå 1. juli i år.

Statskonsult, som driv rådgjeving og tilbyr tenester til statsforvaltninga, har 145 tilsette. I notatet går Norman inn for at ein liten del av Statskonsult blir verande i det nye aksjeselskapet, medan tyngda av verksemda blir flytta inn i hans eige departement.

Sterkt kritisk

Torodd Strand, som er professor i offentleg administrasjon og organisasjonskunnskap ved Universitetet i Bergen, er ytterst kritisk til den løysinga statsråd Norman her legg opp til:

— Han løyser kanskje eitt problem, men skaper to nye. Å overføre mestedelen av dei oppgåvene Statskonsult har i dag til ei avdeling i departementet vil innebere at den uavhengige kritiske kompetansen går tapt. Dessutan kan ein då lett kome i konflikt med tilstøytande departement og med Riksrevisjonen sitt arbeid. Og å opprette eit aksjeselskap av resten, som skal tilby og levere tenester til det offentlege i konkurrranse med private tilbydarar, vil lett kome i konflikt med EØS-regelverket på grunn av forbod mot statsstøtte.

Fekk motbør i regjeringa

Regjeringskollegaene til Norman såg tydelegvis problema, og i regjeringskonferansen fekk han beskjed om å kome tilbake med eit meir «helhetlig notat» og at også andre departement vart involvert i saka. Han fekk også beskjed om at ei omdanning av Statskonsult må sjåast i samanheng med alle departementa sine behov for fellestenester.

I notatet frå Norman står det blant anna dette:

«Jeg legger opp til å etablere Statskonsult AS med virkning fra 1.7.03. Forslaget om omdanning til aksjeselskap vil bli innarbeidet i RNB 2003 (revidert nasjonalbudsjett). En rask etablering av aksjeselskapet sikrer bl. annet at en kan beholde kompetansen i virksomheten. Jeg vil legge stor vekt på en god håndtering av de personalmessige sidene ved omdanningen. Etter at den politiske beslutningen er fattet, vil jeg trekke de ansatte og deres organisasjoner aktivt med i gjennomføringen av vedtaket.

Det er også aktuelt å trekke noen få ressurspersoner inn i departementsforvaltningen.»

«Storstila nedbemanning»

Peter Bøgh, som er tillitsvald for Norsk Tenestemannslag i Statskonsult, seier til Bergens Tidende at ei slik omorganisering som Norman legg opp til, vil føre til ei storstila nedbemanning i Statskonsult.

Han stiller og spørsmål ved kor fornuftig det er at staten ikkje lenger skal ha den uavhengige kompetansen som Statskonsult i dag sit på. Han viser til at andre land har gjort det forsøket Norman nå vil gjennomføre, for så å gå tilbake til den organiseringa ein i dag har med Statskonsult.

Vil ikkje kommentere

Statsråd Norman vil ikkje seie noko om det som har skjedd i regjeringa med denne saka.

— Vi har eit generelt prinsipp om at vi ikkje snakkar om saker som er til behandling i regjeringa.

— Bergens Tidende kjenner innhaldet i det notatet du la fram for regjeringa førre torsdag. Der står det om kva planar du har.

— Det er usedvanleg strengt fortruleg behandling av regjeringsnotat. Eg går ut frå at ikkje nokon har vist slike notat til uvedkomande.

— Vi kjenner innhaldet.

— Eg har ingen kommentarar til saka og vil korkje stadfeste eller avkrefte at saka har vore oppe i regjeringa, seier Norman.