Det opplyser ekspedisjonssjef Kåre Selvik til Bergens Tidende. Opplysningane er nedfelt i eit internt notat i departementet.

Departementet bruker to år seinare påstand om høgste bod på to millionar kroner som argument for å oppheve buplikta.

Det var ordføraren i Lillesand, Odd Steindal (H) som varsla departementet i mars 2000.

Namngjeven kjøpar

I juni same året avslo departementet å gje fritak frå buplikta. Deretter vart avgjerda klaga inn for Sivilombodsmannen som ikkje fann grunn til å kritisere avslaget. Dagen etter stortingsvalet i fjor haust, reiste eigaren, Henrik Thommessen, saka på ny med krav om omgjering.

Etter diverse korrespondanse, to møte med embetsverket og eit møte med statssekretær Leif Helge Kongshaug, vart vedtaket omgjort 1. mars i år.

Departementet la då til grunn at det berre låg føre eit bod på to millionar kroner. Og departementet meinte det var alt for lågt i høve til verditaksten eller normalpris for denne typen eigedom til boligformål.

Opplysningane om den interesserte kjøparen som for to år sidan var viljug til å gje 2,5 millionar kroner, vart ikkje vurdert i den nye omgangen, opplyser Selvik til BT.

— Ven av Høegh-familien

— Det var ein omgangsven av Høegh-familien - altså familien som har skreve kontrakt med Thommessen om kjøp av eigedomen - som kontakta meg. På grunn av forholdet til Høegh-familien ville han ikkje presse på for å få kjøpe eigedomen og bli involvert i saka.

-Det var altså interesse for å kjøpe eigedomen - og til eit realistisk prisnivå - for å nytte han til bolig. Landbruksdepartementet har heller aldri bede kommunen om ei vurdering av kva som er realistisk pris for ein bolig på Ågerøya. Vi har aldri sagt at prisnivået for boligeigedomar på Ågerøya er rundt fem millionar kroner, seier Steindal.

Ville by fire millionar

Steindal opplyser at kommunen nå er blitt kontakta av fleire interessentar som har signalisert at dei kan tenkje seg å kjøpe eigedomen som bolig. Det gjeld personar som ikkje tidlegare har vore i kontakt med Thommessen.

— Ein av desse har sagt at han er viljug til å betale inntil fire millionar kroner.

— Dei opplysningane som nå kjem på bordet, burde tilseie at Landbruksdepartementet tek opp att og omgjer vedtaket sitt, seier Steindal.