VIDAR YSTAD

Oslo

Fleire kjelder opplyser anonymt til Bergens Tidende at det blir arbeidd med å finne ein kandidat som kan og vil utfordre Lars Sponheim om fyrsteplassen. Fleire er spurde og har takka nei.

Ingen vil vedkjenne seg offisielt at dei deltek eller har kjennskap til eit slikt arbeid.

Kritikarane

To av dei hardaste kritikarane av Lars Sponheim på årsmøtet i fylkeslaget i februar, var Harald Hove og Gunn-Vivian Eide. Dei avslår begge å uttale seg om saka til Bergens Tidende.

Tidlegare statssekretær Kjell Alvheim, som også har vore kritisk til Sponheim, avviser kjennskap til ein slik aksjon.

Men han seier at han ikkje ser bort frå at det kan vere tilfelle.

— Lars har hatt sine problem, seier han.

— Støttar du i tilfelle ein slik aksjon, eller støttar du Sponheim sitt kandidatur?

— Det vil eg ikkje seie noko om.

I buskagitasjonen blir det nå hevda at det er stor frustrasjon i fylkeslaget over Sponheim og at ein er usikre på om Venstre vil berge det stortingsmandatet partiet i Hordaland har i dag, med Sponheim på topp.

- Lars, den beste vi har

Desse synspunkta blir kontant avvist av May Britt Vihovde som ved dei to siste vala har hatt 2.plassen på lista og plass på Stortinget. I førre periode hadde ho fast plass. Denne perioden er ho fast møtande representant som varamann for Sponheim medan han er regjeringsmedlem.

— Når eg fartar rundt i Hordaland opplever eg berre ro i lokallaga og støtte til Lars. Eg vil gjerne halde fram på den 2.plassen eg har i dag. Det er heilt uaktuelt å utfordre Lars. Han er den dyktigaste politikaren vi har, seier Vihovde til Bergens Tidende.

Vihovde opplyser at venstrekvinnene i Hordaland har gjeve klar støtte til renominering av Sponheim.

Det var også uro framfor nominasjonen i Hordaland Venstre for fire år sidan. Fleire i tillitsmannsapparatet i Bergen Venstre skal då ha sagt rett ut at det var siste valkampen dei ville drive med Lars Sponheim på topp.

- Støttar Lars

Leiaren i Bergen Venstre, Henrik Gleppe, seier til Bergens Tidende at han ikkje har kjennskap til eit slikt initiativ.

— For min del støttar eg Lars, heilt og fullt. Eg tvilar på at det vil kome nokon utfordrar, seier Gleppe.

Jan Christian Kollstø, som er nestleiar i Hordaland Venstre, seier til Bergens Tidende at han ikkje kjenner til noko konkret om utfordrarplanar.