Så langt i nominasjonsprosessen er det tredjeplassen på lista, som Lønning i dag har, som kan vere innan rekkevidde for Tetzschner. Høgre har i dag tre representantar frå Oslo.

Mange i Oslo-partiet har ennå ikkje kome over at Erna vart valt til partileiar i 2004 i ein prosess som er blitt omtala som eit «kupp».

Stemninga vart ikkje betre etter avsløringa av at Høgre-ordføraren i Oslo, Per Ditlev-Simonsen, i mange år hadde hatt millionbeløp på ein svart konto i Sveits.

Avsløringa kom like før kommunevalet i fjor. På det verst tenkelege tidspunktet.

Erna vart ikkje informert før saka sprakk. Ho var raskt krystallklar på at Ditlev-Simonsen burde gå. Tetzschner var opent usamd i den kursen. Men Erna fekk viljen sin, og ordføraren gjekk.

Må på Stortinget

I Høgre, som i andre parti, er det opplese og vedteke at ein knapt kan bli eller aspirere til å bli partileiar utan å ha fast plass på Stortinget.

Tetzchner, som er sambuar med tidlegare statsråd Kristin Clemet, har i mange år vore ute av politikken. Han «melde seg tilbake» og vart leiar i Oslo-partiet etter at Clemet tok farvel med politikken då Bondevik II-regjeringa gjekk av i oktober 2005.

Tidlegare i denne veka skreiv VG at sterke krefter ynskjer at Tetzschner skal overta etter Erna. Konfrontert med dette svara Tetzschner:

– Jeg har ikke sett at den plassen er ledig.

— Fint med ambisjonar

VG tolka dette som eit signal om at Tetzschner er interessert i leiarposisjonen i partiet.

Sjølv freista Tetzschner å dempe det inntrykket gjennom eit innlegg på Oslo-partiet si heimeside på internett same dagen VG-artikkelen sto på trykk.

Men dette forsøket blir oppfatta som noko Tetzschner var nøydd til å kome med om han ikkje skulle øydelegge både for seg sjølv og Høgre. Å utfordre den sitjande leiaren i eit år det ikkje er val, har lite for seg.

Sjølv seier Erna Solberg berre:

– Det er fint det er fleire som har ambisjonar om å påta seg tillitsverv i Høgre. Vi har mange gode kandidatar.