Det skal også bli vanskelegare å unnta såkalla interne dokument frå innsyn.

Både offentlege selskap som driv forretningsverksemd og kulturinstitusjonar vil nå i prinsipp bli omfatta av lova.

Og ein kommune er ikkje å rekne som eitt organ i offentlegrettsleg samanheng. Det betyr at ein kommune ikkje kan «organisere seg» vekk frå offentleglova og nekte innsyn under dekke av at alle dokument som går mellom ulike instansar i kommunen, kan kallast «interne».

Ikkje organisere seg vekk

Dette er nokre av hovudpunkta i lovframlegget som justisminister Odd Einar Dørum (V)(bildet) la fram i statsråd i går.

Berre fire journalistar var til stades under presentasjonen av proposisjonen. Her slo Dørum fast at det heretter ikkje skal vere råd for offentlege verksemder å «organisere seg» vekk frå offentleglov. Og han poengterte at ei offentleglov som fungerer godt er avgjerande for at alle borgarar skal få rettane sine og kunne delta i dei demokratiske prosessane fullt ut. Fleire observatørar er overraska over at Dørum har fått heile Regjeringa med i å gå så langt i det som har vore ei fanesak for Venstre.

— Betre enn frykta

Advokat Harald Hove, Bergen, som leidde utvalet som kom med framlegg til ny offentleglov, jublar over framlegget som partifellen, justisminister Odd Einar Dørum la fram i går.

— Når ein veit kva motkrefter som ein statsråd jobbar mot i ei slik sak, meiner eg Dørum har all grunn til å vere nøgd med resultatet, seier Hove til Bergens Tidende.

Generalsekretær Nils E. Øy i Norsk Redaktørforening var medlem av utvalet som Hove leidde.

— Lovframlegget frå Justisdepartementet er betre enn eg hadde frykta. Det seier eg på bakgrunn av røynslene frå arbeidet i utvalet, seier Øy til Bergens Tidende.

Framlegga

Statsforetak og offentleg eigde selskap der det offentlege eig meir enn 50 prosent av aksjane eller har rett til å velje meir enn halvparten av medlemene med røysterett i det øvste organet, vil falle inn under lova. Det vil også ha som konsekvens at ei rad kulturinstitusjonar, anten dei er organisert som aksjeselskap eller stiftingar, vil bli omfatta av lova.

Her går Justisdepartementet og Regjeringa lengre i å gje innsyn enn utvalet som Hove leidde, gjorde.

Ei anna viktig nyvinning gjeld dokumentinnsyn i tilbod- eller anbodssaker. Her vil hovudregelen vere at alle dokument blir offentlege etter at val av tilbydar har skjedd.