Det eine forslaget går ut på å kjøpe tilbake Lista Flystasjon frå dei private eigarane, for å stille eigedomen til disposisjon for Farsund kommune.

Det andre forslaget går ut på å fatte vedtak om å tilbakekalle eller fråta Forsvarsdepartementet fullmaktene til å selje forsvarseigedomar. Ansvaret vil etter dette bli lagt til Kongen i statsråd.

Klar korreks

Begge delar vil innebere ein klar korreks til forsvarsministeren og vil vere uttrykk for mistillit til statsråden sine evner til å løyse viktige oppgåver.

Det er Arbeidarpartiet, som har saksordføraransvaret for begge desse sakene, som har pønska ut desse reaksjonsmåtane. Sakene var oppe til plenumsbehandling i Ap si stortingsgruppe onsdag ettermiddag og vart banka igjennom der.

Undersøkingar som Bergens Tidende har gjort, viser at Ap i alle fall kan rekne med støtte frå Sp. SV og Frp vil vurdere spørsmåla i neste veke.

Frp-joker

Det er Frp som tidlegare har gått lengst i kritikken mot Krohn Devold.

— Vi må vurdere saka grundig, seier Frp-formann Carl I. Hagen til Bergens Tidende.

Så seint som 5. april fremja Frp mistillitsframlegg i Stortinget mot forsvarsministeren, men fekk under voteringa berre fylgje av Steinar Bastesen frå Kystpartiet.

Hagen har seinare fleire gongar gjeve uttrykk for at partiet ikkje har tillit til forsvarsministeren og er budd på å røyste for mistillit dersom andre parti er med.

Nå gjev representantar for andre opposisjonsparti overfor BT uttrykk for tvil om Frp vil fylgje Ap-framlegga sidan det kan verke til å forsure klimaet mellom Frp og regjeringspartia så nær opp til valet.

Til å leve med?

Det er også uklart korleis statsminister Kjell Magne Bondevik og forsvarsminister Kristin Krohn Devold vil reagere dersom dei to framlegga skulle bli vedtekne i Stortinget.

Fleire tidlegare statsrådar seier underhand til Bergens Tidende at dei aldri ville kunne leve vidare som statsråd med slike vedtak mot seg.

Ap har ikkje klarlagt kor mykje ein vil betale for Lista flystasjon som vart «selt» ved at kjøparen fekk med seg ei «nistepakke» på 11 millionar. Det er heller ikkje klart kven som skal ta rekninga.

«Forsvarets dag»

14. juni er nå døypt til «Forsvarets dag» i Stortinget. Stortinget vil denne dagen behandle ikkje mindre enn fire ulike saker som gjeld forvaltning av verdiar og pengebruk i Forsvaret. Alle sakene munnar ut i massiv kritikk mot forsvarsministeren.

Det gjeld for det første den mykje omtala Lista-saka, salet av Lista flystasjon, som er granska av Riksrevisjonen.

Det gjeld for det andre saka om meirforbruk eller milliardsprekken på forsvarsbudsjettet i 2004. Så gjeld det Riksrevisjonen si gransking av 2004-rekneskapen til Forsvaret, og endeleg Riksrevisjonen si gransking av sal av forsvarseigedomar.

Riksrevisjonen har retta klar kritikk mot Forsvaret/Forsvarsdepartementet for handteringa i alle desse sakene.