Og Høgreordføraren i Lillesand hevdar at landbruksminister Lars Sponheim har kome med direkte urette opplysningar. — Vi kan ikkje leve med avgjerda frå departementet og må gjere alt for å få vurdert saka på ny. Vi meiner det er gjort feil i saka, seier ordførar Odd Steindal, til Bergens Tidende.

— Det er all grunn til å sjå nærare på kva som har skjedd i denne saka. Den bør vere av interesse for Stortinget, seier tidlegare landbruksminister Bjarne Håkon Hanssen til Bergens Tidende.

I hans tid som landbruksminister fekk Venstre-mannen Henrik P. Thommessen avslag på søknaden om fritak frå konsesjonsplikta på den omstridde eigedomen. Han har i fire år freista å få oppheva buplikta for å selje eigedomen som fritidsbolig for 9,8 millionar kroner. Då Lars Sponheim (V) vart landsbruksminister vart svaret ja.

Nei til rettssak

Bergens Tidende har gjennomgått dokumenta i saka. Det viser seg at Thommessen og ein representant for kjøparen, som skreiv kontrakt i 1998, saman la opp ein slagplan for korleis dei skulle få departementet til å snu.

Det skjedde straks etter at Sivilombodsmannen hadde avvist ein klage frå Thommessen etter avslaget i departementet.

Då avslaget frå ombodsmannen var klart, konkluderer advokatane til kjøparen i eit notat med at «saken (ikke) kan vinnes ved å bringe den inn for domstolene. Det er derfor ikke ønskelig fra kjøperens side å bruke tid og penger på dette. Med andre ord, den eneste muligheten som nå står tilbake, er å få saken behandlet på nytt i departementet hvis forholdene ligger til rette for dette. Kjøperen vil medvirke til dette..»

«Oppskrifta»

I det same notatet, gjev advokaten «oppskrifta» for korleis ein skal få departementet til å behandle saka på ny:

Med bakgrunn i utsegnene frå ombodsmannen, skriv advokaten følgjande: «Dersom ingen ønskjer å kjøpe boligen med boplikt, bør departementet vurdere denne saken på nytt. I tråd med dette har jeg forstått det slik at du har annonsert boligen til salgs som helårsbolig, og har førebels ikke mottatt noe bud. Hvis dette blir det endelige resultat, er jeg enig med deg om at man bør prøve å få saken behandlet på nytt i departementet.»

Framstillinga av kva ombodsmannen har uttala er ikkje rett, reint faktisk, men både selgaren og departementet har opptredd i tråd med utlegninga.

Realitetane i dette, er då at dersom Thommessen kan vise at han har freista å selje eigedomen som heilårsbolig, utan å få napp, vil han ha gode utsikter til å få departementet til å omgjere konsesjonsavgjerda.

Skremme kjøparar

Seljaren har då positiv interesse av å skremme vekk kjøparar som ynskjer eigedomen som heilårsbolig. Thommessen let vere å engasjere meklar og stod sjølv for salet då eigedomen i fjor sommar vart avertert til sals.

Lillesand-ordførar Odd Steindal finn opplysningane i notatet er svært interessante. Han meiner det er klare indikasjonar på at det ikkje har vore eit reelt salsforsøk.

Han opplyser at det nå har kome opplysningar frå fleire interessentar som skal ha fått beskjed av Thommessen om at boda deira var uinteressante om dei ikkje kunne konkurrere med bodet han hadde på 9,8 millionar.