• Overvakingspolitiet bør misse påtalekompetansen og retten til å drive etterforsking. Etterforskinga bør overlatast til det ordinære kriminalpolitiet.

Det seier journalist Stein Viksveen til Bergens Tidende etter å ha vore sikta for spionasje i over to år. Fredag la riksadvokaten vekk saka mot Viksveen.

Viksveen vil nå saman med forsvararane sine, advokatane Atle Helljesen og Frode Folkestad, vurdere om han skal fremje erstatningskrav mot staten på grunnlag av den skade og ulempe siktinga har medførd.

— Men pengar betyr ikkje så mykje for meg, sidan eg nå får ein god pensjon, seier han.

Knallhard kritikk

Derimot har han andre ting på hjartet. Viksveen rettar knallharde åtak mot politiinspektør Eli Volckmar i POT for utsegner ho kom med då det storma som verst om Viksveen.

— «Han veit sjølv best kva han har gjort», var noko av det Volckmar sa til forsvararen min, advokat Atle Helljesen. Ho hevda også at «dersom Stein Viksveen seier at han berre vart vist ein kopi av avgjerda frå belgisk rett om ransaking, under ransakinga, så lyg han».

— Seinare har ein av dei norske POT-folka som var med under ransakinga, vedgått at han hadde med seg, men ikkje fann grunn til å vise meg dokument som viste grunnlaget for kravet om ransaking. Det gjev eit heilt anna bilete, seier Viksveen.

Lukka system

Han seier at dette illustrerer på ein god måte kor uheldig det er at eit lukka system som det hemmelege politiet, driv regulær etterforsking og har påtalekompetanse.

Viksveen meiner det hemmelege politiet får for mykje prestisje knytta til saker dei arbeider med.

Han viser til organiseringa av denne typen tenester i andre land i Europa, der etterforskinga blir overlate til det vanlege kriminalpolitiet.

— For meg framstår det som rimeleg klart at overvakingspolitiet brukte saka mot meg til å rettferdiggjere den etterforskinga dei dreiv mot professor Berge Furre, midt på 1990-talet.

- Kopierte og desinformerte

Samstundes meiner Viksveen at både styresmakter og media tok for lett på korleis POT handterte beslaga som vart gjort på Stavanger Aftenblad sitt kontor i Brussel i november 1999.

— Det er eit faktum at POT kopierte det meste av beslaget før det vart oversendt frå belgisk politi. Dermed var dei «på den sikre sida» i tilfellet dei ikkje skulle få materialet utlevert.

— Vi fekk ikkje vite noko om denne kopieringa. Medan vi kravde beslaget utlevert, hevda POT at dei ikkje hadde fått beslaget, men at det låg i Brussel. Det var rein desinformasjon. Då Oslo byrett vart klar over desse forholda, reagerte byretten med å pålegge POT å overlevere alt materialet dei sat med til byretten omgåande, seier Stein Viksveen.