Gjedrem tok også til orde for å endre pensjonsrettane — for å skape betre samsvar mellom «arbeidsinnsats» og pensjon. Han vil svekke ordninga med avtalefesta pensjon.

Jobbar for lite

Han meiner at Noreg har eit sterkt oppseiingsvern som verkar til at bedrifter kvir seg for å tilsette folk. Og han meier at nordmenn jobbar for lite, for få timar og for kort, at for mange, for tidleg går ut av arbeidslivet.

Denne bodskapen framførde sentralbanksjef Svein Gjedrem, då han i går kveld heldt årstalen sin for finanseliten og den politiske eliten.

LO-leiar Gerd Liv Valla seier til Bergens Tidende at ho reagerer sterkt mot begge desse punkta.

- Bommar totalt

Ho varslar klar motstand frå LO.

— Når det gjeld oppseiingsvern, bommar han totalt. Han har ikkje faktisk grunnlag for å påstå at vi i Noreg har eit spesielt sterkt oppseiingsvern. Og når det gjeld endringane i pensjonsvilkåra som han tok til orde for, vil det råke dei svakaste, som har dårlegast helse og tyngst arbeid. Det vil skape større skilnadar, seier Valla.

Det Gjedrem sa om oppseiingsvernet fekk også statsminister Kjell Magne Bondevik til å reagere. - Dette likte eg ikkje. Der ligg det noko vi må diskutere, sa Bondevik til BT.

Gjedrem hadde også andre meldingar til eliten og til massane:

Lønstakarane har valet mellom høg eller låg rente, høg eller låg sysselsetting og høg eller låg arbeidsløyse. Alt avheng av korleis lønsutviklinga blir i høve til kva som er foreinleg med inflasjonsmålet på 2,5 prosent.

Meir fritt-talande

Lønstakarane skal lokkast til å avstå frå høge lønskrav for å unngå høg rente, stor arbeidsløyse og lågare sysselsetting. Blir derimot lønsauken for høg, er det ingen veg utanom høgare rente om ein skal unngå høg arbeidsløyse.

Ei alminneleg oppfatning etter at Gjedrem hadde sagt kva han hadde på hjartet, var at han er meir frittalande enn foregjengarane:

— Spesielt i forhold til Torstein Moland, seier tidlegare finansminister Per Kleppe, til Bergens Tidende.

Begeistra sosialøkonomar

Då hadde Gjedrem meir takknemlege tilhøyrarar i professor Steinar Strøm, tidlegare sentralbanksjef Hermod Skånland og tidlegare finansminister Per Kleppe, alle sosialøkonomar, som Gjedrem.

Alle tre gav overfor Bergens Tidende uttrykk for at dei likte det dei høyrde.

— Her var mykje bra, spesielt det om arbeidsinnsats. Sjølv med høg sysselsetting er det eit lågt timetal det blir arbeidd. Dessutan var påpeikinga av at folk sluttar å jobbe for tidleg, viktig, seier Strøm

— Her var mykje god sosialøkonomisk tenking - fritt framførd i forhold til politikarane, seier Kleppe.

— Her ver veldig mykje stoff som det er verd å gå djupare ned i. Det meste har vel vore sagt frå Noregs Bank tidlegare, men det var ei nyttig og klar påvising av samanhengar, seier tidlegare sentralbanksjef Skånland.

- God Frp-politikk

— Mykje god Frp-politikk, kommenterte fylkesmann, tidlegare stortingsrepresentant, Hans J. Røsjorde.

Retningslinene for den økonomiske politikken vart lagt om i fjor slik at ein fekk eit klart definert mål om ein årleg inflasjon på 2,5 prosent. Renta skal heretter nyttast for å nå dette målet. Dette er forhold som alle aktørar må innrette seg etter: partane i arbeidslivet, næringslivet, handelen, låntakarar, investorar i eiegdom og verdipapir.

Gjedrem meiner dette verkar til å stabilisere samla etterspørsel og produksjon. Normalt skal ein då også unngå å måtte bruke statsbudsjettet aktivt for å jamne ut den økonomiske utviklinga.

«Tak» for lønsveksten

Fastlands-Noreg har hatt ein gjennomsnittleg produktivitetsvekst på 1,5-2 prosent årleg dei siste 20 åra. Dersom denne veksttakten held fram, vil ein auke i lønskostnadane på 4-4,5 prosent på lang sikt vere foreinleg med inflasjonsmålet, ifylgje sentralbanksjefen.

Gjedrem slo fast at den sterke veksten i lønskostnadane dei seinare åra er ein kime til auka arbeidsløyse. Frå 1997 av har lønskostnadane auka med 5-7 prosent årleg.

Gjedrem åtvarar klart mot å plassere meir av staten sin kapital innanlands, slik somme økonomar og politikarar har teke til orde for. Det vil både redusere avkastinga i norsk næringsliv og skyve ut andre investorar. Han meiner at det også kan føre til raskare utflytting av arbeidsplassar avdi det vil verke til å styrke krona.