— Stortinget har slege fast at nynorsken skal få sin rettmessige plass også på Internett. Men det er langt frå fylgd opp i praksis, seier Grepstad.

Han peikar på at Internett blir stadig viktigare i samfunnet vårt. Han finn det sterkt kritikkverdig at mange statlege internettsider opnar for å velje engelsk språkform, men ikkje nynorsk. Bokmålet dominerer totalt.

Språkrådet har etter oppmoding frå Nynorsk kultursentrum undersøkt målbruken på 173 statlege nettstader.

- Forstemmande

  • Resultatet var nedslåande. Det viste seg at berre 12 av desse 173 nettstadane hadde minst 25 prosent nynorsk i august i år, seier Grepstad. Han held fram:

— Det er forstemmande å sjå at det er så lett å bryte pålegg frå Stortinget, utan at det får konsekvensar for dei statlege leiarane som er ansvarleg.

Grepstad meiner at det ikkje er unaturleg at Riksrevisjonen gjennom sin forvaltningsrevisjon tek opp og granskar misforholdet mellom liv og lære: dagens praksis kontra Stortinget sine vedtak og føresetnadar. Han viser til at alle som får statstilskot på 100.000 kroner eller meir må levere revisorgodkjende rekneskap for å dokumentere pengebruken.

— Men her er det snakk om institusjonar som mottek titals millionar kroner for å utarbeide nettstader. Det ser ikkje ut til å vere noka oppfølging eller krav til desse, seier Grepstad.

Leiaren i Løvebakken Mållag, stortingsrepresentant Sigvald Oppebøen Hansen, seier til Bergens Tidende at det er all grunn til å fylgje opp denne saka. Det vil han gjere når det nye Stortinget kjem saman.

Vil ta verstingane

Grepstad er nå i ferd med å skrive brev til den nye kulturministeren med krav om at statsråden må fylgje opp og gje pålegg til dei ansvarlege leiarane for å få dei til å respektere Stortinget sine vedtak.

Grepstad har utarbeidd ei liste over språkverstingar i staten med bakgrunn i Språkrådet si undersøking. Den inneheld namn på institusjon og ansvarleg leiar for etatar som er ekstremt langt unna å innfri pålegga frå Stortinget om målbruk. på Internett.

På denne lista finn vi Forsvarsnett, nå med forsvarssjef Sverre Diesen som ansvarleg sjef, Aetat, nå med Yngvar Åsholt som fungerande sjef, NSB med Einar Enger som sjef, Barneombodet med Reidar Hjermann som sjef, Nye Kripos med Odd Olsen Ingerø som sjef, Vox (Læring for arbeidslivet) med Turid Kjølseth som sjef, Mattilsynet med Joakim Lystad som sjef, Nasjonalmuseet for kunst med Sune Nordgren som sjef, Høgskolen i Oslo med Per Lilleengen som rektor og Samordna opptak (til universitet og høgskular) med Olaf Svorstøl som sjef.

Språktilstanden for nynorsk og bokmål i landet er nå utførleg dokumentert gjennom «Nynorsk Faktabok 2005», ei bok på 785 sider, utarbeidd av Grepstad og utgjeve av Nynorsk kultursentrum.

Noko overraskande for Grepstad ser det ut til at Justisdepartementet med underliggjande etatar, kjem best ut i å fylgje opp Stortinget sine føresetnadar. Dårlegast er Forsvarsdepartementet.