Det viser ei rundspørjing Bergens Tidende har gjort.

Reaksjonane kom også tydeleg til uttrykk då Riksrevisjonen onsdag orienterte kontrollkomiteen på Stortinget om dei forhold revisjonen nå har slege ned på.

«Bakoversveis»

Det opplyser visepresidenten på Stortinget, Carl I. Hagen (Frp) (biletet) , til Bergens Tidende. Han har sjølv i ei årrekke hatt fast plass i kontrollkomiteen. I fleire år sat han saman med nåverande riksrevisor, Jørgen Kosmo, i kontrollkomiteen.

— Slik eg tolka kroppsspråket, under og etter møtet med Riksrevisjonen, fekk vi alle litt «bakoversveis». Det vi fekk servert, var verre enn frykta. Og denne gongen la Riksrevisjonen vekt på alle gjengangarane. Men samstundes er det grunn til å påpeike at dei fleste er «lovlydige» og fylgjer tilvisingane, seier Hagen.

Han meiner det blir eit klart misforhold når folk og verksemder i alle andre samanhengar må tole sanksjonar eller bøter om dei ikkje opptrer i samsvar med lover og reglar, medan offentlege verksemder kan ture fram utan konsekvensar.

- Systemsvikt

— Det er openberrt at vi må skaffe nye verkemiddel. Det er avdekka systemsvikt ved at forvaltninga ikkje fylgjer tilvisingane frå Riksrevisjonen som Stortinget har slutta seg til. Av respekt for storting og regjering og Riksrevisjonen sitt arbeid som Stortinget sitt kontrollorgan, må vi skaffe reaksjonsmiddel. Det er heilt klart, seier Hagen.

— Når Riksrevisjonen og riksrevisor Jørgen Kosmo går så sterkt ut som han nå har gjort gjennom Bergens Tidende, set han Stortinget under press. Dersom vi nå ikkje sørgar for endringar, vil forvaltninga, direktorat og andre etatar, få stadfesta at det ikkje er så nøye korleis dei opptrer. Utfordringa vår er å få på plass vårt eige system, inkludert personalpolitiske verkemiddel, seier Hagen.

Sparke sjefar

Han nemner som ein ide eit system som går ut på at etatsleiarar som tre år på rad blir «tekne» av Riksrevisjonen for brot på innkjøpsreglementet, kort og greit får sparken, dersom Stortinget sluttar seg til kritikken frå Riksrevisjonen.

Hagen presiserer at ideen ikkje er drøfta i Frp og at han difor ikkje kan seie at partiet vil fremje eit slikt framlegg. Ideen er meint som ein illustrasjon på typen verkemiddel som kan kome på tale.

— Tida er også inne for å spørje om korleis regjeringa ser på desse forholda. Her bør regjeringa og Stortinget ha felles interesser. Det kokar ned til spørsmålet om kven som skal styre Noreg: byråkratar og embetsmenn eller regjering og storting, seier Hagen.

fakta

  • Riksrevisor Jørgen Kosmo kasta ein brannfakkel til Stortinget i går. Til Bergens Tidende sa han at «Det er ei utfordring for oss i Riksrevisjonen å oppretthalde motivasjonen når vi år etter år påpeikar dei same forholda utan at noko skjer».
  • Han sa rett ut at det ikkje er mangel på kunnskap og kompetanse som gjer at dei same etatane blir tekne for same forhold år etter år. Det gjeld til dømes brot på innkjøpsreglementet.
  • Kosmo sa at det er opp til Stortinget å reagere etter at Riksrevisjonen nå har sagt ifrå.