Det er assisterande riksadvokat Hans-Petter Jahre som tek til orde for ei slik lovendring. Det skjer gjennom ein leiarartikkel i siste nummer av det juridiske tidsskriftet Lov og Rett. Det er ikkje minst røynslene frå Orderud— og Baneheia-sakene som har fått Jahre og riksadvokatembetet til å seie ifrå. Vil skjerpe lova Jahre viser til at politi og påtalemakt som hovudregel har teieplikt om straffesaksopplysningar. Det kviler på instruks fastsett av riksadvokaten. Jahre meiner dette er så viktige prinsipp at dei bør inn i straffeprosesslova.Forsvararane er ikkje bundne av slike reglar. Dei kan difor mellom anna gje opplysningar frå straffesaksdokument til media, utan å gjere seg skuldige i regelbrot.«Her står man overfor et hull i lovgivningen som bør tettes», skriv Jahre. Slår til mot pressa Samstundes slår Jahre ned på pressedekninga med utgangspunkt i Orderrud-saka og Baneheia-saka.Det gjeld både detaljerte reportasjar på etterforskingsstadiet, gjengjeving av forklaringar frå vitne før hovudforhandling og dekninga av hovudforhandlingane. På etterforskingstadiet kan detaljerte reportasjar vanskeleggjere oppklaring fordi det blir vanskelegare for politiet å kontrollere opplysningar. Dessutan kan vitne bli meir tilbakehaldne med å melde seg, uttalar Jahre. «Lovgivningsspøkelset» Han kritiserer sterkt dei daglege kommentarane og bevisvurderingane i aviser og etermedier. Han seier at slike kommentarar og vurderingar kan etterlate eit skeivt inntrykk Han skriv at dersom ikkje pressa sjølv er medviten om ansvaret sitt og fylgjer opp, «kan «lovgivingsspøkelset» rykke nærmere».I dette ligg det ei klar åtvaring om at det kan kome framlegg om lovgjeving som vil regulere pressedekninga av kriminalsaker, om ikkje pressa sjølv kjenner ansvar og ryddar opp.