I brevet til regjeringa peikar Naturvernforbundet på at staten er hovudaksjonær i Ewos, og at dei gjennom dette bidreg til samanbrotet i dei fiskebestandane som sjøfuglen langs Vestlandskysten skal leve av.

Vil doble i Florø

— Dette går direkte på statens etikk som investor. Vi reknar med at regjeringa tar affære og i alle fall stansar den planlagde utbygginga i Florø, seier leiar Lars Haltbrekken i Norges Naturvernforbund.

Haltbrekken meiner produksjonen av fôr til lakseoppdrett er ei gigantisk sløsing med ressursar. I brevet peikar forbundet på at det går med fire kilo sjøfuglmat til ein kilo fiskefôr.

Sidan laksenæringa vaks fram på 1980-talet har det blitt samanbrot i sjøfuglhekkinga langs kysten, heiter det i brevet. Grunnen er at bestandane av nøkkelartane tobis og øyepål nesten er nær oppfiska av industrien.

Laksefôrprodusenten Ewos ein del av det statseigde Cermaq-konsernet, og har planar om å doble produksjonen frå 80.000 til 160.000 årstonn ved anlegget i Florø, som er den største av tre Ewos-fabrikkar i Noreg.

Også fleire naboar har protestert mot Ewos-fabrikken sentralt i Florø, der dei hevdar den forårsaker store luktplager i bustadområda rundt.

- Stolar på styresmaktene

— Cermaq er ansvarleg for sin bruk av maritimt råstoff og derigjennom for situasjonen i Nordsjøen med påfølgjande kollaps i sjøfuglhekkinga på Vestlandet, skriv Naturvernforbundet i brevet.

Lars Haltbrekken krev no at utvidingsplanane i Florø blir stoppa, og at regjeringa innfører strengare retningsliner for oppdrettsnæringa.

— Dette er ei gigantisk sløsing med ressursane, og øydelegg sjøfuglbestanden vi alltid har hatt på kysten vår, seier han.

Informasjonssjef Øyvind Risnes i Ewos stiller seg uforståande til krava og påstandane som kjem fram i brevet.

— Som alle andre fôrprodusentar kjøper vi råstoff som fiskemjøl og fiskeolje på den opne internasjonale marknaden. Dette er produkt framstilt frå såkalla industriell fisk, som er strengt kvoteregulert, seier Risnes. - Eit eventuelt overfiske blir sjølvsagt ei sak for dei som kvoteregulerer, og på dette punktet har vi full tillit til norsk fiskeriforvalting.

Ifølgje Risnes blir stadig meir av fôrproduksjonen basert på vegetabilsk råstoff, noko som gjer at berre 2-2,5 kilo fisk går med til eitt kilo fôr.

Ewos-gruppen gjekk i 2005 med 187 millionar kroner i overskot.