VIDAR YSTAD vidar.ystad@bt.no Oslo

Framlegget blir sett fram på vegner av Venstre, Høgre, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, SV, Steinar Bastesen (Kystpartiet) og Vidar Kleppe.

Stans Framlegget har denne ordlyden:

«Stortinget ber Regjeringen utsette ytterligere innbetaling av aksjekapital til selskapene i IT Fornebu-prosjektet til prosjektet er gjennomgått med tanke på Stortingets forutsetninger om innhiold og framdrift.

Det forutsettes videre at nyskapings-, forsknings— og undervisningsdelen ikke er svekket i forhold til eiendomsutvikling.»

Det er allereie klart at denne føresetnaden ikkje kan oppfyllast. Det går fram av det materialet som statsminister Jens Stoltenberg torsdag kveld overleverte til Lars Sponheim.

BT-oppslag Sponheim reiste saka på grunnlag av eit oppslag i Bergens Tidende måndag. Der kom det fram at prosjektet var i krise og at både SIVA-direktøren og rektor ved Handelshøyskolen BI nå vil trekke seg frå styret.

Ifylgje opplysningane frå Stoltenberg til Sponheim er totalt 32 millionar av dei i alt 425 millionar kronene som Stortinget har løyvt, utbetalt til IT Fornebuprosjketet. Resten står unytta avdi føresetnadane om framdrift ikkje er innfridd.

Svært jamnt Det er duka for eit svært jamnt oppgjer når framlegget frå Sponheim seint i kveld kjem til votering.

Ifylgje kalkylene vil Ap og Frp ved fullt storting han ei overvekt på tre representantar dersom ingen bryt ut. Det er kjent at det både i Ap og i Frp er motstandarar av IT Fornebu-prosjketet, men det er ikkje venta at nokon vågar å bryte ut nå, sidan partipisken vart brukt i begge parti ved førre krossveg.

Men det har hendt før at tilfeldig fråver i salen under votering har skipla prognosen.

Sjølv om framlegget ikkje får fleirtal, oppnår forslagsstillarane å få «klistra» Frp til Ap i ei viktig sak før valet. Det er også eit poeng for partia som står bak framlegget.