Ikkje berre vil sjefen for mediehuset leige eit piano til Victor D. Norman så lenge han sit ved Kongens bord.

Clear Channel tilbyr seg også å betale det skandaleombruste overforbruket på representasjon på 13.000 kroner. Rein sponsing, med andre ord.

— Vi vil vise Norman at han har massiv støtte, seier Møller-Pettersen til BT.

Han er overbevist om at statsråden er utsett for ein svertekampanje etter hans upopulære utspel om midlertidig tilsette.

— Eg har jobba i medie- og pr-bransjen i mange år, og er ikkje er i tvil om at det er blitt planta ein såkalla «drittpakke» om Normann i avisene. Saka har mista alle proporsjonar.

— Er du ikkje samd i at mediene skal rette kritisk søkelys mot maktpersonar?

— Vi støtter sjølvsagt ikkje at Norman går utover reglane, men det han har gjort fortener i beste fall ein notis, hevdar Møller-Pettersen.

Clear Channel har vore sponsor både for kulekøyrar Kari Traa og mangemillionær Bjørn Rune Gjelsten.

I dagens lesarbrevspalte i Dagens Næringsliv kom tilbodet til Norman, og i dag blir det formelle brevet sendt til statsrådens kontor.

— Eg håpar han tek imot invitasjonen. Men det spørs om han tør.

SPONSES? Victor D. Norman.