Når sjølvransaking no er sett på dagsordenen i heile partiet, har fylkespartiet i Hordaland fått eit lite forsprang på dei andre fylkespartia.

Få i styret

Olav Mongstad som leiar utvalet, har klar ei skisse til korleis partiet kan styrast i framtida. Dei viktigaste hovudpunkta er: * Styret «slankast» fra 21 til 7 personar. * Eit «ordførarforum» skal møtast med jamne mellomrom og utforma politikken.

— I dag kan heile 21 personar møte i styret i Hordaland Arbeiderparti. Forutan dei valde medlemmene, består styret av mellom anna stortingsrepresentantane og leiaren for fylkestingsgruppa. Dette vert altfor tungrodd og byråkratisk, meiner Mongstad.

Han synest også det ville vera ein fordel å få lagt ned nokre av dei mange utvala i fylkespartiet. Mellom anna synest han at det kommunalpolitiske utvalet i framtida bør erstattast av eit ordførarforum.

Rører ikkje fagrørsla

Etter valet har fleire slått til lyd for å løysa opp banda mellom Arbeidarpartiet og fagrørsla. Men førebels er dette spørsmålet for kontroversielt for organisasjonsutvalet.

— Det må avgjerast på eit høgare plan i partiet. Det er mest naturleg at landmøtet tek seg av ei slik sak, seier Mongstad.

Forslaget til nyorganisering av fylkespartiet vert truleg lagt fram årsmøtet på ettervinteren.