– Vi sit med ei kjensle av at situasjonen ikkje er heilt under kontroll, seier seniorinspektør Olav Hermansen ved distriktskontoret til Mattilsynet i Indre Sogn.

Det er observasjonane av stadig fleire rovdyr i område der husdyr skal ha førerett, som gjer at tilsynet no reagerer. Etter det Bergens Tidende forstår har Mattilsynet gitt sitt syn til kjenne overfor styremaktene som har ansvaret for rovviltforvaltinga.

– Vi har kome i ein veldig vanskeleg situasjon. I Indre Sogn jaktar no både ulv, gaupe, jerv og bjørn. Det skjer i eit område der det ikkje skal vere store rovdyr. Og med den siste utviklinga, har situasjonen tilspissa seg ytterlegare, seier Hermansen.

Meir drastisk

Dei siste åra har det vore store vanskar med jerv i Indre Sogn. Når det no er vanskelegare enn før, tenkjer seniorinspektøren på funn av sikre spor og observasjonar av bjørn i Sunnfjord og Sogn. I Luster såg fleire personar sist helg det dei meiner er ein ulv, og frå før er det mistanke om at varg kan ha drepe sauer på ein gard i Sogndal. I tillegg er det observert mange jervespor i Luster i vår, og fleire dyr enn vanleg har blitt tekne av gaupe.

– Etter vårt syn er det no på tide at styremaktene går meir drastisk til verks, seier Hermansen.

– Meiner du det bør blitt gitt fellingsløyve på bjørnen?

– Ja, personleg meiner eg det.

Hermansen viser til erfaringane frå sist det blei skote bjørn i Sogn og Fjordane, i Leirdalen i Luster for 50 år sidan.

– Det var ein einsleg bjørn som trekte til dette området. Her slo han seg til og gjorde stor skade over fleire år, før han til slutt blei skoten, fortel Hermansen.

Vurderer fortløpande

Miljøvernsjef i Sogn og Fjordane, Nils Erling Yndesdal, har så langt stått fast på det førebels ikkje er aktuelt å gje løyve til jakt, fordi skadeomfanget ikkje er stort nok. Streifdyr må innimellom tolererast, meiner miljøvernavdelinga.

– Men vi følgjer sjølvsagt utviklinga fortløpande, seier Yndesdal.

– Er rovviltutviklinga ute av kontroll?

– Når det gjeld jerv har vi ikkje kontroll. Der har det vore gjort store skader siste åra, og vi har årlege erstatningsutbetalingar på over ein million kroner. I desse tilfella meiner eg vi har vore svært raske med å gje fellingsløyve. Det har jo nærast vore gitt på dagen, og det har også blitt teke ut ein del dyr. Skadeomfanget er redusert i delar av området, eksempelvis Lærdal, seier Yndesdal.

– Et medan sauen lever

Det er lidingane dyra blir utsette for, som gjer at Mattilsynet no engasjerer seg. Rovdyrangrep på sau fører til store smerter for husdyra.

– Eg har studert bileta som er tekne av kadavera frå Fjærland. Fotografia viser at sauene har hatt store blødingar rundt skadane. Sauene har ingen dødeleg bit. Dette fortel at bjørnen har ete på husdyra medan dei var i live. Det er også vanleg. Bjørnen fangar ein sau, held han fast og et på han. Rovdyret konsentrerer seg om å få i seg jur og brystfeitt som er mest næringsrikt. Det seier seg sjølv at lidingane sauen blir påført er veldig store, seier Hermansen.

Mattilsynet meiner at det er nok dokumentasjon til å kunne konstatere at det er faste bestandar av både jerv og gaupe i Indre Sogn. Dei understrekar at deira ansvar er at dyrevernloven blir følgd. Det er på denne bakgrunn tilsynet har funne grunn til å minne norske styremakter på vedtaket om at sauer har førsterett på beiteområda på Vestlandet. Det skal ikkje finnast faste bestandar av freda rovdyr i dette området. Tilsynet meiner det no likevel finst faste bestandar av både jerv og gaupe.

EINAR FORTUN
EINAR FORTUN (arkiv)