Tryggingspolitiet (PST) har det siste året registrert ein stor auke i rekruttering og aktivitet innan organisasjonen Vigrid. Særleg er ein alarmert over at så mange unge, heilt ned i 14-årsalderen, er blitt rekruttert til miljøet. Det opplyser informasjonssjef Trond Hugubakken i PST til Bergens Tidende.

Aksjonen er i tråd med styringssignal som Justisdepartementet har gjeve for PST for 2003. Departementet har pålagd PST å medverke til at enkeltpersonar tek avstand frå valdelege ekstreme miljø.

Ta avstand

— Planen er å få ungdommane til å forstå farane og få dei til å ta avstand frå og bryte med miljøet, seier Hugubakken. Dette er ein haldningsskapande og kriminalitetsførebyggande aksjon, legg han til.

— Vigrid kan nå seiast å vere ein landsdekkande organisasjon. Ein kan knapt seie at nynazistiske organisasjonar har hatt ei slik utbreiing tidlegare, seier Hugubakken.

PST slå fast at fleire av dei personane som er med i Vigrid har vore involvert i grov valdskriminalitet eller annan type kriminalitet. Det ligg ein grunnleggande valdsideologi i botnen, og organisasjonen er elles prega av rase- og framandhets som er svært valdeleg, ifylgje Hugubakken.

Vil ikkje detaljere

PST vil ikkje ut med opplysningar som kan talfeste eller på nokon måte identifisere dei som er med i Vigrid. Ein vil heller ikkje ut med om det blir rekruttert i spesielle miljø.

Geografisk står Vigrid ifylgje PST sine vurderingar, sterkast i det sentrale Austlandsområdet, på Sørlandet og på Sør-Vestlandet. Nærare avgrensingar vil PST ikkje ut med.

— Vi har registrert at dei har hatt i underkant av 100 seremoniar det siste året. Det er ein sterk vekst i høve til tidlegare år. Seremoniar inneber «dåp» og opptak av nye medlemer.

Samtalar

Politifolk frå politidistrikta vil i dei næraste dagane og vekene oppsøke personar som PST har identifisert som tilknytta Vigrid.

— Vi vil gjennomføre samtalar med ungdommane og søke å bevisstgjere dei både om kva Vigrid står for og kva konsekvensar og risiko dei utset seg sjølv for, om dei blir verande i miljøet. Når det gjeld personar under 18 år, vil politiet søke å gjennomføre samtalar med foreldra til stades.

Dei fleste av ungdommane i Vigrid har framtida framfor seg om dei skikkar seg. Dei har ikkje noko rulleblad som inneheld kriminelle handlingar, seier Hugubakken.