Grunnlaget for kontrollen bygger på innsyn i dokument og munnlege forklaringar. Utvalet har vurdert både kor langt innsynsretten går, kven som kan krevje innsyn, kva som skal til for å kunne krevje innsyn og sanksjonsmiddel overfor statsrådar som forgår seg.

Bort med riksretten

Utvalet har også vurdert spørsmål som straffeforfylging mot statsrådar, stortingsrepresentantar og høgsterettsdommarar.

Fleirtalet i utvalet går inn for å avskaffe riksretten, som er ein særdomstol, og ansvarslova. I staden skal statsrådar, stortingsrepresentantar og høgsterettsdommarar kunne tiltalast og straffast etter den vanlege straffelova og for dei ordinære domstolane.

Innsynsretten

Grunnlova gjev i dag Stortinget i plenum rett til å krevje at regjeringa utleverer eitkvart dokument.

Fleirtalet i utvalet vil nå at det skal vere nok at 1/3 av Stortinget i plenum krev utlevering for at regjeringa må etterkome kravet. Fleirtalet vil også at Kontrollkomiteen på Stortinget skal få den same retten.

Det er mange dissensar i utvalet, som har hatt 10 medlemer. Visepresidenten i Stortinget, Inge Lønning, dissenterer oftast. Han får fylgje av visepresidenten i Lagtinget, Odd Holten (KrF). Dei går imot svært mange av endringsframlegga som vil skjerpe kontrollen.

Riksrevisjonen er Stortinget sitt viktigaste organ for å føre kontroll med Regjeringa. Det andre viktige organet er Sivilombodsmannen.

Hard strid

I dei siste par åra har det oppstått strid om kor langt innsynsretten i regjeringsdokumenta går for Riksrevisjonen og Sivilombodsmannen. To konkrete tvistesaker med Riksrevisjonen og Sivilombodsmannen på den eine sida, har vorte utførleg omtala i Bergens Tidende. Den eine av sakene vart utløyst av ein klage til Sivilombodsmannen frå Bergens Tidende. Den resulterte i at justisminister Odd Einar Dørum fekk klar kritikk frå Stortinget etter å ha nekta ombodsmannen innsyn.

Fleirtalet i Frøiland-utvalet går nå inn for at Riksrevisjonen gjennom lovgjeving skal sikrast tilgang til eitkvart dokument revisjonen meiner å ha behov for i kontrollverksemda si. Grunngjevinga for standpunktet er slik:

«Svekka legitimitet»

«Det bærende prinsipp må være at det bare er Riksrevisjonen selv som kan vurdere hvilken informasjon som er nødvendig. Dersom dette ikke var tilfelle, ville det i realiteten være opp til den kontrollerte etat å legge premissene for kontrollen, på en måte som ville kunne vanskeliggjøre effektiv gransking og kontroll. I saker der det er mistanke om alvorlige feil og mangler, ville dette også kunne svekke revisjonsrapportens troverdighet og legitimitet utad.»

Utvalet meiner det vil vere tungrodd og unødig konfliktskapande om Riksrevisjonen skulle måtte gå til Stortinget for at Stortinget skulle fatte vedtak i plenum om å pålegge forvaltninga å utlevere dei dokumenta Riksrevisjonen vil ha innsyn i for å utføre kontrollen sin.

Straffeforfylging

Det er også strid om kor langt opplysningsplikta for statsrådane overfor Stortinget går. Fleirtalet krev at Regjeringa sine opplysningar til Stortinget skal vere «korrekte og dekkande». Mindretalet vil ikkje stille eit slikt krav.

Fleirtalet meiner at alvorlege brot på opplysningsplikta framleis skal vere straffbar — og kan straffast med bøter eller fengsel inntil fem år.

Fleirtalet i utvalet går inn for at Stortinget med simpelt fleirtal (minst 51 prosent) i plenum kan krevje straffeforfylging mot ein statsråd. Eit mindretal, som inkluderer mellom andre Carl I. Hagen, vil gje ein tredjedel av Stortinget i plenum denne retten. Dei viser til at partipolitiske vurderingar kan overskygge vurderingane av statsrådane sitt straffeansvar og såleis i praksis fungere som ei form for immunitet for statsrådane.

Utvalet vil overlate til den ordinære påtalemakta å etterforske og avgjere påtalespørsmålet. Ein tiltale skal så fremjast for tingretten og ein eventuell anke fremjast direkte for Høgsterett som i ei slik sak skal ha full prøvingsrett.