— Vi vil undersøkje med styremakter både i Sverige og Noreg. I tillegg har vi alt kontakta Norsk Genressurssenter som har ansvaret for å følgje opp norske husdyrrasar. Vi håpar å sikre oss sæd frå oksar i flokken, seier informasjonsansvarleg for Nordisk Genbank Husdyr (NGH) på Ås, Benedicte Lund.

Urkyr

Bergens Tidende fortalde sist søndag historia om den store buskapen med norske urkyr som no truleg endar på slakteriet. I kring 25 år har den svenske gardbrukaren Karl-Gustav Hedling samla på gamle kurasar. På garden sin i Orsa, ikkje så langt frå meir kjende Mora, har han no den største flokken med dyr av gamle norske kurasar. Buskapen på 120 kyr er sett saman av vestlandsk fjordfe, vestlandsk raudkolle, telemarkskyr, dølafe og trønderfe. Fleire av kurasane har stått eller står på lista over verdas utryddingstruga rasar.

Mindre støtte

Det er ei omfattande omlegging av EU-støtta til det svenske landbruket som gjer at Hedling no ser seg tvinga til å kvitte seg med dyra. Eitt av dei få tilskota svenske bønder har hatt, er støtte til å halde stølane i drift. Frå og med i år er denne meir enn halvert.

For Hedlings del har tilskotet til stølsdrifta vore eit viktig fundament for drifta. Inntektstapet utgjer fleire hundre tusen kroner i året. Hedling ser difor ikkje nokon anna veg enn å selje den store garden. Han trur ikkje det vil vere mogleg å få selt ein så spesiell bøling som livdyr til andre bønder, og bur seg difor på å sende dyra til slakteriet i vinter. Planen hans er å byggje seg ein mindre gard, og ha att eit dusin kyr av ein rase.

Benedicte Lund meiner at reduksjonen i støtteordningar som no gjer at Hedling gjev opp, er eit døme på korleis bortfall av tilskotsordningar og strenge regelverk mynta på ordinær husdyrproduksjon kan ramme arbeidet med å ta vare på husdyrrasane.

Gode genar

— Det mest realistiske er å få til sæduttak frå utvalde oksar i denne flokken. Vi meiner det må vere råd å ta vare på gode oksekalvar, og håpar å kunne plassere desse under svenske eller norske oksestasjonar, seier Lund.

Med så få dyr som er att av dei gamle norske kurasane, er innavl eit problem. Hedlings buskap har ikkje har vore brukt i avlen her i landet på mange år.

— Desse dyra har genar som kan føre friskt blod til dei dyra vi har av desse rasane her i landet.

Då Karl-Gustav Hedling kjøpte kyr på norske gardar tidleg på 80-talet, var det ikkje spesielle restriksjonar på å føre dyr over grensa mellom dei to nabolanda i Norden. No er det innført så strenge reglar, at det i praksis ikkje let seg gjere å importere husdyr. Dyra må stå isolerte i seks månader. I denne perioden skal dei gjennom eit omfattande prøvetakingsprogram, mellom anna skal det takast ei rekkje kostbare blodprøver.

— Vi har ein heilt unik helsesituasjon på husdyra våre som vi ønskjer skal vare ved. Når det er sagt er det slik at dette er reglar som er tilpassa kommersiell handel med dyr. Lovverket tek nok ikkje omsyn til så spesielle enkeltsituasjonar som vi har fått med Hedlings buskap, seier Benedicte Lund.

oddleiv apneseth