Samstundes går nå utanriksminister Thorbjørn Jagland inn for at statsministeren og han sjølv kan møte Sivilombodsmannen 8. august for å drøfte saka.Dette går fram av eit brev Jagland nå har sendt til Sivilombodsmannen.Ombodsmannen ba om eit møte med dei to etter at Jagland for tre veker sidan blankt avviste å gje ombodsmannen det innsynet han ba om. Ny vurdering Brevet frå Jagland kjem etter at ombodsmannen reagerte sterkt mot det avslaget som Jagland, med støtte frå Regjeringa, gav på ombodsmannen si oppmoding.I brevet opplyser Jagland nå at departementet vil "foreta en ny vurdering av ombudsmannens anmodning om en eller to av medarbeiderne ved Sivilombudsmannens kontor kan få innsyn i de aktuelle dokumenter, på bakgrunn av ombudsmannens siste brev." Forsvarleg saksbehandling Ombodsmannen ba i mars om at ein eller to av medarbeidarane ved kontoret måtte få gjennomgå dokumenta i saka. Han streka under at det var naudsynt for å gjennomføre ei forsvarleg saksbehandling.Meir enn tre månadar seinare avslo Jagland oppmodinga. Han meinte at ombodsmannen kunne gjere jobben sjølv og gav tilvisingar for korleis han burde innrette arbeidet ved ombodsmannskontoret. Krasst fordømt Synspunkta og behandlinga som kom fram gjennom brevet frå Jagland, vart krasst fordømt av ein samstemmig opposisjon på Stortinget. Ombodsmannen er Stortinget sitt kontrollorgan som har i oppgåve å føre tilsyn med forvaltninga. Difor verka det ekstra sterkt at Jagland ville bestemme korleis ombodsmannen skulle gjere jobben sin.Både leieran for forsvarskomiteen på Stortinget, Hans J. Røsjorde og leiaren for Stortinget sitt kontrollorgan for dei hemmelege tenestene, ambassadør Leif Mevik, retta klar kritikk mot Jagland sine formuleringar om innhaldet i dei garderte radar-dokumenta.Dei meinte begge at Jagland gjennom brevet medverka til ei unødig dramatisering av radar-saka. Røsjorde uttala at «Jagland ber bensin til bålet, og at det nå var viktig at han heldt seg langt unna fyrstikkene».Saka har bakgrunn i at ombodsmannen behandlar ei klagesak frå Bergens Tidende. Avisa klaga i februar i fjor UD inn for ombodsmannen etter å ha fått avslag på innsyn i alle dokument om Vardø-radaren.Lovar nyvurdering. Utanriksminister Thorbjørn Jagland lovar nå å vurdere på ny spørsmålet om å la ein eller to av saksbehandlarane hjå Sivilombodsmannen få innsyn i dei hemmelegstempla dokumenta om den amerikanske radaren i Vardø.