VIDAR YSTAD

Lønning har kome til at det er behov for karantenereglar. Han kan tenkje seg ein halv stortingsperiode — to år - karantene for den som går frå politikk til å drive lobbyisme. Men han er open for å diskutere lengda på karantenetida.

Vurderer initiativ

På bakgrunn av avsløringane om Grete Knudsen sitt engasjement og ulike roller i Haakonsvern/Mjellem & Karlsen-saka, vurderer han sjølv å ta opp spørsmålet om å innføre karantenereglar.

I mai i år uttalte direktøren på Stortinget, Hans Brattestå, til Bergens Tidende at han var svært skeptisk til at sentrale politikarar gjekk direkte over frå å sitje i sentrale politiske maktposisjonar til å bli lobbyistar.

Brattestå vart intervjua av BT på bakgrunn av at Grete Knudsen raljerte over «skårungane», nybegynnarane i politikken som ikkje visste kvar grensene gjekk for korleis dei kunne opptre som lobbyistar. Heilt annleis var det med røynde politikarar, som henne, fekk vi vite.

— Eg delar Brattestå si oppfatning heilt og fullt på dette punktet, seier Lønning, som inntil i vår også var nestleiar i Høgre.

I rette med Knudsen

— Rolla som aktiv utøvande politikar er så spesiell at det burde legge sterke avgrensingar på det å gå over til å vere lobbyist. For denne lobbyismen blir drive rett opp mot det avgjerdssystemet som ein sjølv inntil nyleg har vore ein del av, seier Lønning. Og han held fram:

— Eg er djupt usamd med Grete Knudsen i det ho har hevda: Eg vil meine at denne overgangen er farlegare di lengre ein har vore med i politikken. «Skårungane» som ho stemplar, er harmlause i forhold til dei som har vore ein mannsalder i politikken. Dei siste har kontaktar, nettverk, og veit korleis dei skal opptre og kven dei skal kontakte for å få gjennomslag.

- Understrekar behovet

Lønning seier at han blir endå meir skeptisk om dei som gjer slike overgangar ikkje er i stand til å sjå rollekonfliktane. Det understrekar endå sterkare behovet for å få eit regelverk.

— Frå utsida er det lett å sjå behovet. Alle tek for gitt at ein ikkje kan opptre i fleire roller samstundes. Ein statsråd kan ikkje drive lobbyisme. Det kan heller ikkje ei stortingsrepresentant. Er det ikkje like sjølvsagt at ein ikkje frå den eine dagen til den neste kan «skifte ham» frå å vere politikar med eitt standpunkt til å drive lobbyverksemd?

Lønning meiner alle vil vere tent med at det kjem reglar.

— I dragsuget av denne siste saka frå Bergen, er dette blitt meir enn tydeleg. Ein kan trygt seie at den har vekt oppsikt. Når du sit i sentralstyret i eit parti må du kunne kjenne deg heilt trygg på at ein ikkje opptrer med hemmelege interesser. Vi kan ikkje lage reglar for alt.

- Kan ikkje påby gangsyn

— Vi kan ikkje lage reglar som påbyr gangsyn. Men Bergens-saka har sett eit skarpt flomlys på eit fenomen som gjer at vi er nøydd til å vurdere køyrereglar.

— Kva ville reaksjonen vore i Høgre om eit sentralstyremedlem kom i ei slik rolle som den Knudsen har gjort?

— Det rette måtte ha vore å «flagge» og opplyse om at ein hadde eit spesielt forhold til ei sak som gjorde at ein måtte fråtre. Det ville ha vore ryddig, seier Lønning.