Ord som «distriktsutvikling» eller «bygd» er heilt ut, konstaterte politiske motstandarar på bakerste benk.

I Førde ligg Lotteritilsynet som eit handfast regionalpolitisk bevis, og det var neppe tilfeldig at kommunal— og regionalministeren la sin presentasjon av regjeringas regionalmelding nettopp dit.

Men med på lasset, på bakerste benk blant dei inviterte pressefolka i møterommet, følgde også eit par av Senterpartiets folk fra fylket.

Centres of Expertise

Ein sentral bodskap i den nye stortingsmeldinga er at små- mellom- og storbyane skal vere bindemiddelet som held oppe busetnaden over heile landet.

Dersom dei mellomstore og minste byane ikkje er livskraftige og attraktive, meiner Solberg at dette vil gå ut over heile regionar og landsdeler.

Såleis varslar regjerninga med denne stortingsmeldinga at den vil styrke lokale og regionale næringsmiljø. Blant anna gjennom det den har valt å kalle Norw e gian Centres of Expertise - ei styrking av eksisterande nærings- og kunnskapsmiljø over heile landet.

Ikkje det offentlege

Regjeringa varslar ein mer aktiv lokaliseringspolitikk, utan å kunne love konkret utflytting av statlege funksjonar til distrikta.

— Uansett vil offentleg sysselsetjing aldri bli det som skal berge distrikts-Norge, sa Solberg. - Vi må først og fremst ha konkurransedyktige bedrifter for å berge busetnaden i hele landet.

Korleis småbygdene i distriktet skal overleve den globaliserte framtida kom først opp i spørsmålsrunden etter innleiinga. Og statsråden gjekk ikkje med på at slagordet «levande bygder» med denne stortingsmeldinga er blitt passé.

— Men også små bygder må sitt grunnlag i verdiskaping ut over det offentlege tenestetilbodet, sa Solberg. - Klarer dei det, innanfor turisme eller andre næringar, så har også småbygdene livets rett.

Farvel og depresjon?

Etter Solbergs innleiing tok Naustdal-ordførar Jan Herstad (Sp) ordet og erklærte seg regelrett deprimert av det statsråden la fram - men vart dempa ned av statsrådens medbrakte informasjonsjef, som minna om at møtet først og fremst var for pressa.

Ved sida av Sp-ordføraren sat nestleiar i Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, og meinte Solberg med denne meldinga legg opp til omfattande bygdedød.

— Eg er samd i måten Solberg skildra dagens situasjon på, men saknar konkrete tiltak for å bøte på dette, seier Navarsete til Bergens Tidende. - Når regjeringa vil satse på ytterlegare vekst i byane, samtidig som dei ikkje har nokon strategi for å unngå vidare bygdedød, så tolkar eg det som eit endeleg farvel til norsk distriktspolitikk.