Statssekretæren, som sjølv har permisjon frå stilling som operasjonsleiar i Vestfold politidistrikt, vart intervjua i NRK TV søndag kveld. Det var her ho gav beskjed om at politiet får prioritere etterforskingsinnsatsen ut frå dei ressursane dei har. Det galdt også drapsetterforskinga.

Etterspel på topplan

Statssekretæren vart intervjua på bakgrunn av utsegner frå leiaren for volds— og sedelighetsavsnittet ved Oslo politidistrikt, Finn Abrahamsen. Han fortalde at det hittil i år har vore så mange drap og drapsforsøk i Oslo, at ein nå måtte legge etterforskinga i somme av sakene på is på grunn av ressurssituasjonen.

Bergens Tidende kjenner til at oppslaget i Søndagsrevyen resulterte i at det i går var kontaktar mellom riksadvokaten, statsadvokaten i Oslo og Oslo politidistrikt.

- Ansvarsfråskriving

— Eg reagerer sterkt på utsegnene frå statssekretæren. Eg opplever det som ei politisk ansvarsfråskriving av store dimensjonar. Utsegnene inneber at departementet veltar ansvaret nedover i rekkjene i politiet, seier Arne Johannessen til Bergens Tidende. Han er leiar i Politiets Fellesforbund. Han er også partifelle med Pedersen. Ho er på si side medlem i Politiets Fellesforbund og har jamvel vore forbundsstyremedlem i organisasjonen.

— Det er kjempealvorleg når Justisdepartementet går ut med eit slikt signal om at ein aksepterer at ein må prioritere mellom den alvorlegaste kriminaliteten, seier Johannessen.

- Meir ressurskrevjande

Johannessen seier at både kriminaliteten i seg sjølv og etterforskingsmetodane krev langt meir ressursar enn for nokre år sidan. Han meiner det på politisk hald i Noreg, til skilnad frå i Sverige, er manglande forståing for det aukande ressursbehovet i politiet.

— For det første er kriminaliteten blitt meir komplisert, organisert og grenseoverskridande, med sterkt internasjonalt tilsnitt. Berre tolkebehovet legg beslag på ressursar av eit omfang som tidlegare var heilt ukjent. Også etterforskingsmetodane, mellom anna gjennom kommunikasjonskontroll, krev mykje ekstra ressursar, seier Johannessen.

- Verst i Oslo og Bergen

— Ressurssituasjonen med det nye kriminalitetsbildet er særleg merkbar i Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger, og til dels i Tromsø og Drammen, seier han.

— Når det kjem så langt at etterforskinga i enkelte drapssaker blir skadelidande, då må politikarane kjenne ansvaret. Slike signal vi nå har fått, strir med rettsoppfatninga til folk. Når det skjer alvorleg kriminalitet, ventar folk at sakene blir etterforska, oppklart og at gjerningsmannen blir teken. Det gjeld særleg drap, drapsforsøk, stygge valdtekter, gjengvaldtekter. Det er bra at folk har den haldninga, legg Johannessen til.

Også justispolitikarane på Stortinget reagerer sterkt.

Første nestleiar i justiskomiteen, Jan Aril Ellingsen (Frp), seier til Bergens Tidende at utsegna frå statssekretæren er «skandaløs».

Olav Gunnar Ballo (SV) som er andre nestleiar i justiskomiteen og visepresident i Odelstinget, har denne reaksjonen:

- Uakseptabelt

— Det må vere sjølvsagt i landet vårt at politiet har ressusar som sikrar at alle drapssaker kan etterforskast på ein forsvarleg måte. Talet på drapssaker vil variere, men ein må sørgje for at det blir skaffa nok ressursar. Det skal ikkje berre gjelde i ei sak som Nokas-saka. Drap som har skjedd, må etterforskast forsvarleg. Noko anna er uakseptabelt både for folk flest og for dei som er direkte råka, dei pårørande, seier Ballo.

Høgres, Elisabeth Aspaker, som også sit i justiskomiteen, meiner det er rystande om etterforsking i drapssaker blir lagt til sides på grunn av ressurssituasjonen.

SKAPER IRRITASJON: Statssekretær Anne Rygh Pedersen (A) i Justisdepartementet har terga opp både politi og politikarar for utsegner om at politiet må prioritere mellom drapssaker som skal etterforskast, på grunn av ressurssituasjonen.

Larsen, Håkon Mosvold